Hopp til innhold
Foto: Regjeringa/ Torbjørn Tandberg
Foto: Regjeringa/ Torbjørn Tandberg
X
Innhald

Trygve Slagsvold Vedum

Trygve Magnus Slagsvold Vedum, bonde, partileiar i Senterpartiet, stortingsrepresentant frå Hedmark frå 2005 og tidlegare statsråd i Stoltenberg II-regjeringa.

Trygve Slagsvold Vedum er fødd 1. desember 1978 i Hamar. Han har utdanning frå Jønsberg landbruksskole (1994–95 og 1996–97) og Tomb jordbruksskole (1995–96), studerte realfag ved Høgskolen i Hedmark i 1997–98 og tok bachelorgraden i sosiologi og statsvitskap ved Universitet i Oslo i 2002. Slagsvold Vedum dreiv gardsdrift på heimgarden før han var organisasjonsrådgivar i Senterpartiet i 2004–05. Frå 2005 er han stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Hedmark og 2012–13 var han statsråd i landbruks- og matdepartementet i Stoltenberg II-regjeringa.  
Han hadde ulike verv i Senterungdommen i 1993–2004 og var medlem av styret i Stange Senterparti i 1996–98 og Hedmark Senterparti i 1998–2000. I perioden 1999–2005 var han fylkestingsrepresentant for Senterpartiet i Hedmark. I 2000–04 var han landsstyremedlem i partiet, og han var nestleiar i Senterungdommen og medlem av sentralstyret i Senterpartiet i 2002–04 . Han var andre nestleiar i Senterpartiet 2009—14. 7. april 2014 vart han vald til leiar i Senterpartiet. Slagsvold Vedum vart den yngste leiaren i partiets historie.
Sidan 2005 han har vore stortingsrepresentant, først  i kommunal- og forvaltningskomiteen,  og i finanskomiteen 2013—17. Han var parlamentarisk leiar i Senterpartiet i 2009–12. Som landbruks- og matminister var han oppteken av eit meir aktivt skogbruk, treforedling, forenkling av odelslova og tollvern på mat. Slagsvold Vedum er ein sosial, energisk og humørfylt politikar som brenn for norsk landbruk.
Slagsvold Vedum har hatt tillitsverv i ulike organisasjonar, mellom anna har han vore ungdomsleiar i Den norske kyrkja i 1993–99, medlem av styret i Nei til atomvåpen og Nei til EU i 2005–07 og medlem av styret i Menighetssøsterhjemmet i 2007–09.
Kjelder
Trygve Slagsvold Vedum, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TMV [lesedato 12.2.2013]
Trygve Slagsvold Vedum, regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dep/trygve-slagsvold-vedum-.html?id=685953 [lesedato 12.2.2013]

Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 02.02.2015