Hopp til innhold
Vetle Vislie
Vetle Vislie
Foto: Domkirkeodden. Publisert under "public domain", og kan nyttast fritt.
X
Innhald

Vetle Vislie

Vetle Gjermundson Vislie, forfattar og skulemann som formidla litteratur i læraryrket og som faglitterat. Vislie lyfte fram breidda i norsk litteratur gjennom Boksoga (1901), som kom i fleire utgåver og fekk utbreiing langt utover lærarutdanninga.

Vetle Vislie var fødd i Skafså i Tokke i Telemark 28. september 1858 og døydde 7. februar 1933. Vislie gjekk lærarseminaret i Kviteseid og lærarskulen på Hamar. Frå 1881 arbeidde han som lærar i Kristiania. Han tok artium i 1885, var innom teologistudiet, men fullførte lærarutdanninga si 1887.
Frå 1897 byrja Vislie i den offentlege lærarskulen, først som adjunkt på Elverum, så i Levanger, der han mellom anna blei viktig for eleven Olav Duun. I 1908 blei Vislie rektor på lærarskulen i Kristiansand. Seinare styrte han lærarskulen på Hamar (1914–29). Han var sentral i fagleg og pedagogisk utvikling av lærarutdanninga.
Den skjønnlitterære produksjonen hans følgde parallelt med anna arbeid. Mellom debuten, dramaet Utan hovding (1889) og fram til siste romanen, Eldbjørg (1931), leverte han bøker som i det ytre mest hentar stoff frå heimemiljøet i Telemark. Han skildrar kulturelle motsetnader i samtid og fortid: bondekultur i møte med moderniseringa og ulike livstolkingar i konflikt.
Vislie var ansvarleg for utgivinga av Ivar Aasens Udvalgte skrifter i 1896.
Kjelder
Bjarte Birkeland: «Ein ny realisme. Grenda og verda», Norges litteraturhistorie. Oslo 1995
Olav Midttun: «Vetle Vislie», Menn og bøker. Litterære utgreiingar. Oslo 1963
Erik Eggen: «Vetle Vislie», Syn og segn 1928
Peikarar

Først publisert: 13.09.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013