Vilhelm Christian Flugeim

Vilhelm Kristian Flugeim (1859-1942) frå Kvåle i Sogndal. Lærar, målreisingsmann, lokalhistorikar og Venstre-politikar. Lærareksamen 1878, og vart same året - 19 år gamal - lærar ved Sogndal Folkehøgskule, der han vart til 1909.
Frå 1909 lærar ved folkeskulen og klokkar i Stedje kyrkje. Han var også kasserar i sparebanken.
Flugeim skipa Sogndal Sogelag i 1920, og sanka det meste av stoffet til dei store årbøkene «Heimbygdi vår Sogndal» som vart gjevne ut frå 1921 til 1941. Desse bøkene har danna grunnlaget for det seinare bygdebokarbeidet. Medlem i kommunestyret i mange år og var også ordførar og varaordførar. Vararepresentant til Stortinget 1910-1918.
Tildelt kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.08.2011