Hopp til innhold
X
Innhald

Vilhelm Yri

Yris Hotell i Olden før trebygningen som Vilhelm Yri reiste i 1899 vart øydelagd av brann.

Yris Hotell i Olden før trebygningen som Vilhelm Yri reiste i 1899 vart øydelagd av brann.

Vilhelm Yri (1846-1917) frå Olden. Hotelleigar. Bondeson som i 1874 kjøpte den gamle handelsstaden på Oldenøyra og bygde hotell ved elva. Han bygde i 1899 nytt Yris Hotell litt lengre oppe i bygda. Dette vart eitt av dei største og beste turisthotella på Vestlandet.

I 60-årsalderen overlet Vilhelm Yri hotelldrifta i Olden til sønene Rasmus og Sivert Yri. Sjølv flytta han til Nordfjordeid, der han kjøpte den gamle gjestgjevargarden på Gjerde (sjå under Storgardane på Nordfjordeid), og dreiv den som Yris Hotell til han døydde.

Tidlegare Yris Hotell på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Yris Hotell på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2011