Hopp til innhold

Anders Werp

Anders Bjørnsen Werp, skogbrukar, tidlegare ordførar i Øvre Eiker og stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud sidan 2009.

Les meir om Anders Werp

Åse Wetås

Åse Wetås

Åse Wetås, språkforskar og leksikograf, var i mange år prosjektdirektør for Norsk Ordbok, har skrive om maurens kulturhistorie og er frå 2015 direktør i Språkrådet.
Les meir om Åse Wetås

Herbjørg Wassmo

Herbjørg Wassmo

Herbjørg Margaretha Wassmo er lyrikar og forfattar, og har fått brei internasjonal anerkjenning. Ho har gitt ut både romanar, diktsamlingar og skodespel. Trilogiane om Tora og Dina er sentrale i forfattarskapen.

Les meir om Herbjørg Wassmo

Ingunn Wiken

Ingunn Elida Wiken, sjølvstendig næringsdrivande og illustratør. Ho har gitt ut barneboka Karl Oscar i hardt ver saman med Eli Kari Gjengedal.

Les meir om Ingunn Wiken

Kurt Weill

Kurt Weill, tysk komponist, mest kjend for operaene Tolvskillingsoperaen og Mahagonny, skrivne saman med poeten Bertolt Brecht. Stilen hans er tydeleg påverka av jazz og samtidig danse- og populærmusikk.

Les meir om Kurt Weill

Marie Lovise Widnes

Marie Lovise Widnes

Marie Lovise Widnes, kulturpersonlegdom, husmor, politikar og skribent, vart nasjonalt kjend for ein song om «gangdøra heime». Ho har vore ei modig kristensosialistisk røyst gjennom fleire tiår, først i Arbeidarpartiet, etter det i Sosialistisk Venstreparti og no som partilaus skribent.

Les meir om Marie Lovise Widnes

Thomas Chr. Wyller

Thomas Chr. Wyller

Thomas Christian Frederik Wyller, professor, statsvitar og samfunnsdebattant. Han var med og bygde opp statsvitskap som akademisk fag i Noreg, tok den første norske doktorgraden i faget og var professor ved Universitetet i Oslo i nærare 25 år.

Les meir om Thomas Chr. Wyller

Wilhelm Andreas Wexelsen

Vilhelm Andreas Wexelsen var ein markert prest og venstrepolitikar, som dei siste leveåra var biskop. Som statsråd fekk han i 1892 både autorisert Blix-salmane til kyrkjebruk og gitt dei lokale skulestyra mynde til å avgjere om lærebøkene skulle vere på bokmål eller nynorsk.

Les meir om Wilhelm Andreas Wexelsen