Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Wegener

Alfred Wegener, 1880–1930, var tysk meteorolog og geofysikar. I 1912 sette han fram teorien om kontinental forskyving. Mellom anna hevda han at Afrika og Sør-Amerika ein gong skal ha lege tett saman, men at kontinenta sidan har flytta seg frå kvarandre. Teorien vart avvist fordi ein den gongen ikkje kjende til krefter som var store nok til å flytte på kontinent, men seinare har han blitt godteken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 12.12.2017