Hopp til innhold
X
Innhald

Andy Warhol

Andy Warhol [wårhoul] (eigentleg Andrew Warhola), 1928–87, var amerikansk grafikar, målar og filmprodusent

Warhol er den mest kjende representanten for popkunsten og var ein av dei store kultfigurane i 1960-åra.

Han vekte først oppsikt med store måleri og silketrykk av konsumsymbol som colaflasker og suppeboksar frå Campbell’s. Han laga fotoportrett av mellom andre Marilyn Monroe, Elvis og (den dåverande) kronprinsesse Sonja. I tillegg står han bak ei rekkje filmar, som Trash (1971), Heat (1972), Warhol’s Dracula (1973).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017