Hopp til innhold
Portrett av Anna Bugge Wicksell, visittkort frå 1912, fotografert av Albert Wilhelm Rahmn (1871-1947). Kredit: Nasjonalbiblioteket (No known copyright restrictions/ public domain).
Portrett av Anna Bugge Wicksell, visittkort frå 1912, fotografert av Albert Wilhelm Rahmn (1871-1947). Kredit: Nasjonalbiblioteket (No known copyright restrictions/ public domain).
X
Innhald

Anna Bugge Wicksell

Anna Kristine Margrete Bugge Wicksell var radikal kvinnesakspioner, jurist og Sveriges første kvinnelege diplomat.

Anna Bugge Wicksell var fødd 17. november 1862 i Egersund og døydde 19. februar 1928 i Stockholm. Då ho var 13 år gamal, flytta familien til Kristiania, og ho byrja på Nissens Pikeskole, der ho tok middelskuleeksamen i 1879 og guvernantekurs i 1881. I 1885 blei ho ei av dei første norske kvinnene i historia som fekk ta examen artium, som privatist ved Kristiania katedralskole. (Norske kvinner hadde ikkje høve til å ta universitetsutdanning før i 1884.) I 1887 tok Bugge Wicksell examen philosophicum, og kort tid etter byrja ho å studere jus. Først i 1911 fullførte ho juridisk embetseksamen ved universitetet i Lund i Sverige.

Saman med nokre medstudiner skipa Bugge Wicksell i 1883 diskusjonsklubben Skuld, forløparen til Norsk Kvinnesaksforening (NKF), etablert i 1884 som den første i sitt slag. Bugge Wicksell var òg med på å skipe Kvinnestemmerettsforeningen i 1885, i protest mot at fleirtalet i NKF ikkje ville setje kvinneleg stemmerett på dagsordenen. Bugge Wicksell blei seinare leiar for NKF i perioden 1888–90 og styremedlem i 1890–91.

Bugge Wicksell var politisk radikal i sine standpunkt om økonomisk, sosial og politisk likestilling for kvinner. Ho skapte offentleg skandale då ho under eit opphald i Paris i 1889 inngjekk kontraktsfesta sambuarskap med den svenske fritenkjaren og sosialøkonomen Knut Wicksell. Året etter flytta paret til Sverige, og Bugge Wicksell heldt fram med å engasjere seg for kvinnesak, i tillegg til fredsarbeid. I 1920 blei ho Sveriges første kvinnelege diplomat, som utsending til Folkeforbundet. Bugge Wicksell publiserte fleire artiklar og bøker om kvinnesak og fredssak.

Radikal kvinnesakspioner

Som medlem og seinare leiar av NKF arbeidde Bugge Wicksell for innføring av konkrete reformer for likestilling i det norske samfunnet, mellom anna gjennom program for fagutdanning og fagleg organisering for kvinner. Særleg var ho oppteken av arbeidarkvinnene sine kår, og ho arbeidde for å få desse kvinnene engasjerte i kvinnesaksrørsla. Praktisk retta som ho var, avviste ho samstundes at sedskapsdebatten (om seksualmoral og likestilling mellom kjønna i seksualspørsmål), som elles prega den offentlege samtalen i 1880-åra, var eit tema som NKF burde engasjere seg i.

Bugge Wicksell meinte at økonomisk sjølvstende var sjølve føresetnaden for sosial og politisk deltaking i samfunnet, og at det var eit stort problem at gifte kvinner ifølgje lova var underlagt ektemannen. Mellom anna i Hustruens retslige stilling. En kritisk undersøgelse (1891) set ho søkjelyset på dette problemet: «Det normale grundlag for formuesforholdene mellem ægtefeller er i alle de skandinaviske lande det såkaldte fælleseie. Således som dette system forefindes i skandinavisk ret, kan det kortest defineres så: alt hvad ægtefællerne fører med sig ind i ægteskabet, og alt, hvad de under ægteskabet får eller erhverver, danner en samlet formuesmasse, som står under mandens forvaltning. [...] Mens ægteskabet varer er fælleseiet blot et udtryk for mandens eneeie, og mange unyttige deklamationer kunde været sparede, kanske også de nødvendigste reformer vundne, om loven selv ærligen havde udtalt dette i stedet for at kaste folk blår i øinene ved at fremsætte et slags formelt lighedsprincip.»

Også i Sverige heldt Bugge Wicksell fram engasjementet for kvinnesak, og særleg for allmenn kvinneleg stemmerett. Ho var med på å etablere Landsföreningen för Kvinnans Politiska Rösträtt i 1902 og var med i den svenske delegasjonen ved skipinga av Den Internasjonale Stemmerettsallianse i Berlin i 1904.

Første svenske kvinnelege diplomat

I Sverige engasjerte Bugge Wicksell seg aktivt i fredsarbeid. I 1907 bidrog ho til etableringa av Lunds Fredsförening og i 1911 til Svenska Fredsförbundet. Ho fremja folkerettslege løysingar på internasjonale konfliktar, og under første verdskrigen var ho med som sakkunnig i den komiteen som utarbeidde det nordiske bidraget til etableringa av ei internasjonal rettsordning. I 1920 blei ho Sveriges første kvinnelege diplomat, som utsending til det nyskipa Folkeforbundet, og året etter blei ho den første kvinnelege medlemen av Folkeforbundets permanente mandatkommisjon.

Kjelder

Ida Blom og Sølvi Sogner (red.): Med kjønnsperspektiv på norsk historie. Fra vikingtid til 2000-årsskiftet. Oslo 1999

Hilde Danielsen, Erinn Larsen og Ingeborg W. Owesen: Norsk likestillingshistorie 1814–2013. Bergen 2013

Aslaug Moksnes: Likestilling eller særstilling? Norsk Kvinnesaksforening 1884–1913. Oslo 1984

Gulli Petrini: Anne Bugge Wicksell. En internationell märkeskvinna. Stockholm 1934

Anna Bugge Wicksell: Hustruens retslige stilling. En kritisk undersøgelse. København 1891

Liv Wicksell Nordqvist: Anna Bugge Wicksell. En kvinna före sin tid. Malmö 1985

Peikarar

Bugge Wicksell si bok Hustruens retslige stilling på nb.no

Om Anna Bugge Wicksell på stemmerett.no

Først publisert: 12.08.2015
Sist oppdatert: 09.03.2017