Hopp til innhold

Arnold Weiberg-Aurdal

Arnold Weiberg-Aurdal var sivilagronom og politikar. Han var ordførar i Sykkylven og stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Møre og Romsdal i fire periodar.

Arnold Weiberg-Aurdal var fødd 18. juni 1925 i Ålesund i Møre og Romsdal. Han døydde 3. februar 2016. Weiberg-Aurdal tok landbruksskuleeksamen i 1945, gjekk ut av Befalsskolen for Infanteriet i 1947 og var ferdigutdanna ved jordbrukslinja ved Noregs landbrukshøgskole i 1953.

Weiberg-Aurdal var heradsagronom i Stranda kommune i 1954–62. Frå 1962 til 1982 var han det same i Sykkylven kommune. I tillegg arbeidde han som bonde på garden Velle i Sykkylven frå 1953 til 1990 og var vernepliktig løytnant i 1958–80.

Han kom inn som kommunestyremedlem for Senterpartiet i Sykkylven i 1955 og sat i kommunestyret til 1963. Seinare vart han vald inn att for periodane 1969–71 og 1987–90. Han var òg medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal i 1964–70, i perioden 1965–70 også medlem av fylkesutvalet. Han vart ordførar i Sykkylven i 1963 og hadde dette vervet fram til han vart stortingsrepresentant i 1969. Etter periodane på Stortinget var han igjen ordførar i Sykkylven i 1990–91. På Stortinget sat han i fire periodar, fram til 1985, heile tida som medlem av samferdselskomiteen, og i den siste perioden også av den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var medlem av fleire delegasjonar, mellom anna var han delegat til FN si generalforsamling i 1982 og 1984 og vara i 1976.

Weiberg-Aurdal hadde ei rekkje offentlege verv både på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Han var lekdomar i herads- og byretten i Ålesund i 1976–92, i jordskifteretten i 1976–2000 og medlem av lagmannsretten i Molde og Ålesund i 1992–2000. I 2003 fekk Weiberg-Aurdal Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Biografi om Arnold Weiberg-Aurdal, stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ARWE [lesedato 7.4.2016]

Biografi om Arnold Weiberg-Aurdal, lokalhistoriewiki.no, sist oppdatert 6.3.2016 av Eldar Høidal: https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Arnold_Weiberg-Aurdal [lesedato 26.7.2017]

Kongehuset: «Tildelinger av ordener og medaljer», kongehuset.no: http://www.kongehuset.no/tildelinger.html?tid=28028&sek=27995&q=+Arnold+Weiberg-Aurdal&type=&aarstall [lesedato 8.4.2016]

Olaf Chr. Torp: Stortinget Høsten 1973 – Våren 1977. Oslo 1974 (s. 95). Tilgjengeleg i digital versjon på bokhylla.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/16b24e39ff58ef820f64676ff68d67a7.nbdigital?lang=no#0 [lesedato 26.7.2017]

 

 

Først publisert: 26.07.2017
Sist oppdatert: 26.07.2017