Hopp til innhold
X
Innhald

Åse Wetås

Åse Wetås, språkforskar og leksikograf, var i mange år prosjektdirektør for Norsk Ordbok, har skrive om maurens kulturhistorie og er frå 2015 direktør i Språkrådet.

Wetås er fødd i Sandnes 25. juni 1972. Etter eksamen ved Sandnes videregående skole i 1991 og eitt år på embetsstudiet i medisin blei ho i 1999 cand.philol. ved Universitetet i Oslo med hovudoppgåva Namneskiftet Kristiania–Oslo. I emnekrinsen var også human evolusjon og åtferdsbiologi. Wetås blei dr.art. same staden i 2008 med avhandlinga Kasusbortfallet i mellomnorsk. I åra 2011–2012 var ho med i eit mentorprogram for yngre leiarar i staten i regi av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Ho var vitskapleg assistent ved Høgskolen i Stavanger 1994–1995 og ved Universitetet i Oslo 1998–1999. I delar av tidsrommet 1996–1998 var ho først fagleg ungdomssekretær i Landorganisasjonen i Norge, region Rogaland, så kontormedarbeidar same staden. Ho arbeidde som timelønt medarbeidar i stadnamntenesta i Norsk språkråd 1996–1999 og hadde fleire kortare engasjement ved Høgskolen i Oslo, Universitetet i Oslo og Norsk språkråd 1999–2001 før ho var doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Oslo 2001–2005.

Wetås blei tilsett som redaktør i Norsk Ordbok i 2005 og var prosjektdirektør same staden frå 2008. I perioden 2010–2011 var ho medlem i Språkrådets rettskrivingsnemnd for nynorsk, som i 2011 la fram forslag til den rettskrivingsnormalen for nynorsk som blei innført frå 2012. Wetås blei utnemnd som direktør i Språkrådet 3. juli 2015.

Ho var styremedlem i Norsk foreining for språkvitenskap 2002–2003 og hadde styreverv i Norsk namnelag frå 2003, frå 2006 som fast styremedlem. Wetås representerte Norsk Ordbok 2014 i Nynorsk Forum 2008–2015. Frå 2009 var ho suppleant til styret i Nordisk foreining for leksikografi, frå 2010 medlem i redaksjonsrådet for Maal og minne og frå 2013 medlem av fagrådet for Forskingssenter for skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Wetås var styremedlem i Språkrådet 2010–2015.

Åse Wetås har redigert mange bøker og publisert ei lang rekkje vitskaplege og populærvitskaplege artiklar. Fleire av dei større skriftene er rapportar frå forskingskonferansar, men i 2015 redigerte ho også Maurens kulturhistorie saman med Torstein Kvamme.

I 1992 fekk Åse Wetås Fridthiov Oos’ legat for beste eksamensstil på nynorsk frå vidaregåande skule året før.

Kjelder

CV frå Åse Wetås datert 18.6.2015

Først publisert: 07.07.2015
Sist oppdatert: 10.07.2015