Hopp til innhold
X
Innhald

Bugge Wesseltoft

Bugge Wesseltoft (eigentleg Jens Christian Bugge Wesseltoft), fødd 1964, er keyboardist. Han starta i pop- og rockmiljøet og har seinare spela med fleire jazzmusikarar. Wesseltoft vekte merksemd i samarbeid med Sidsel Endresen, med CD-ane Nightsong (1994) og Duplex ride (1998). I 1996 fekk han Spellemannprisen for plata New Conception of Jazz. Vidare kom Jazzland Sessions (1999) og Moving (2001). Wesseltoft fekk også Spellemannprisen i 1998 og 2002. Han er nyskapande som jazzmusikar og populær hos det unge publikumet. I 2004 fekk han Buddy-statuett.
 
Sjå Bugge Wessetoft frå Oslo Jazzfestival 2011  i videoen under:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.10.2013
Sist oppdatert: 28.10.2013