Hopp til innhold
X
Innhald

Finn (Andreas) Westbye

Finn (Andreas) Westbye, 1914–94, var jazzmusikar med gitar og tenorsaksofon som instrument. Westbye var medlem av Funny Boys (saman med Gunnar Sønstevold, Kalle Engstrøm og Svein Øvergaard) frå 1934, og desse turnerte i Europa i fire år. Han var i alle år delvis aktiv på plater og konsertar, seinast i 1989 med Robert Normann.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.01.2014