Hopp til innhold
Henrik Wergeland. Foto: D. Arnesen del L. Kornerup Lith., Em. Bærentzen
Henrik Wergeland. Foto: D. Arnesen del L. Kornerup Lith., Em. Bærentzen
X
Innhald

Henrik Wergeland

Henrik Wergeland, 1808–45, var fødd i Kristiansand. Han var diktar, cand.theol., redaktør, amanuensis på Universitetsbiblioteket og byråsjef i Riksarkivet.
 
Wergeland debuterte med Digte, første Ring i 1829, så følgde Skabelsen, Mennesket og Messias i 1830, som kom i ei omarbeidd utgåve med tittelen Mennesket i 1845, og Digte, anden Ring i 1833. Vidare kom mellom andre Jan van Huysums Blomsterstykke i 1840, Jøden i 1842, Den engelske Lods og Jødinden i 1844. I 1845 kom dei sjølvbiografiske skissene Hassel-Nødder, og dikt som Til min Gyldenlak og Til Foraaret.
 
Som folkeopplysning gav han ut tidsskrifta For Almuen, For Menigmand, For Arbeidsklassen i perioden 1839–45. Han redigerte Folkebladet og Statsborgeren.
 
Wergeland arbeidde for å oppheve forbodet mot at jødar fekk tilgang til landet. Han stifta folkebibliotek, sokneselskap og ungdomsforeiningar. Han kjempa for språkleg og kulturell lausriving frå Danmark og for feiring av 17. mai.
 
Wergeland var òg inspirator for mange generasjonar lyrikarar frå Bjørnson til Nordahl Grieg. Wergeland er kanskje den største lyrikaren gjennom tidene her i landet.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013