Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Herman Wessel

Johan Herman Wessel, 1742–­85, var forfattar, busett i København frå 1761, og var med på å stifte Det Norske Selskab. Han er kjend for parodien han laga på forsøka dansk-norske forfattarar gjorde på å skrive tragediar i fransk klassisk stil i Kierlighed uden Strømper frå 1772. Han tok likevel klart standpunkt for klassisisme mot ein gryande romantikk.
 
Han er mest kjend for humoristiske verseforteljingar som Smeden og Bageren, Hundemordet, Gaffelen og Herremanden i tillegg til vittige epigram og gravskrifter. Samlede Digte, illustrert av Theodor Severin Kittelsen, kom første gong i 1918.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013