Hopp til innhold
X
Innhald

Kurt Weill

Kurt Weill, tysk komponist, mest kjend for operaene Tolvskillingsoperaen og Mahagonny, skrivne saman med poeten Bertolt Brecht. Stilen hans er tydeleg påverka av jazz og samtidig danse- og populærmusikk.

Kurt Weill var fødd 2. mars 1900 i Dessau, Tyskland og døydde 3. april 1950 i New York. Den musikalske stilen hans ligg midt mellom musikalsk komedie og opera og er prega av ein særeigen harmonikk, inspirert både av populærmusikk, jazz og Stravinskij og Bartok sitt austeuropeiske tonespråk.
Dei store sceneverka til Weill, mellom anna Tolvskillingsoperaen (Die Dreigroschenoper) og Mahagonny (Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny) er meisterleg strukturerte som blandingar av songsirklar og samanhengande operaer og syner tydeleg den heilskaplege visjonen i den ukomfortable og «hakkete» musikken. Likevel er det enkeltsongane, til dømes «Mack the Knife», «Alabama Song» og «September Song», i tillegg til Tolvskillingsoperaen, han er best hugsa for i dag.
Tidleg liv
Weill var son av sjefskantoren i synagoga i Dessau, og 18 år gamal vart han teken opp ved Berlin Musikhochschule, der han studerte eitt år under operakomponisten Engelbert Humperdinck. I 1926 vart namnet hans kjent, etter premieren på Der Protagonist, ein kortopera som han komponerte, og der librettoen var skriven av den ekspresjonistiske dramatikaren Georg Kaiser. Etter dette vart Weill invitert til å skrive noko til kammermusikkfestivalen i Baden-Baden i 1927. Bertolt Brecht og Weill hadde alt starta samarbeidet sitt, så Weill valde å lage eit «songspel» (tysk: «Songspiel») basert på dei fem Mahagonny-songane frå Brecht si diktsamling Die Hauspostille. Premieren i Baden-Baden vart ein suksess, og dei to bestemte seg for å utvide verket til ein heil opera.
Tolvskillingsoperaen
Det mest kjende verket til Weill og Brecht er utvilsamt Tolvskillingsoperaen, først framført i Berlin i 1928. Brechts libretto er basert på John Gay sin satiriske opera The Beggar's Opera frå 1728, men Weill brukte berre éin melodi frå den engelske originalen. Brecht forma Gay sin kvasse samfunnskritikk til ein dagsaktuell kritikk av dei store sosiale skilnadene i Weimarrepublikken, den svake og ustabile tyske staten i mellomkrigsåra. Weill sine komposisjonar var fengjande og tidsriktige, og fleire av dei, til dømes «Balladen om Mackie Kniven» («Die Moritat von Mackie Messer») og «Sjørøvar-Jenny» («Seeräuber-Jenny») er tekne opp i jazzstandardrepertoaret.
Tolvskillingsoperaen vart ein stor teatersuksessen, med meir enn 350 framføringar dei første to åra. Stykket spreidde seg snart utanfor landegrensene, og i 1933 hadde forlaget til Weill alt godkjent heile 133 nye produksjonar over heile verda. Tolvskillingsoperaen er omsett til nynorsk av Halldis Moren Vesaas og til bokmål av André Bjerke og Pauline Hall. Stykket har vore spela på Det norske Teatret fleire gonger.
Mahagonny og andre Brecht-samarbeid
Det neste prosjektet for Weill og Brecht, etter Tolvskillingsoperaen, var mannskorkantaten Berlinarrekviemet (Das Berliner Requiem), skrive på oppdrag frå Radio Frankfurt i 1928. Brecht sine tekstar tek her for seg døden, med eit verdsleg utgangspunkt, i motsetnad til eit kyrkjeleg rekviem. Tekstane handlar spesielt om dei døde som vert gløymde av samfunnet, som den ukjende soldaten og uskuldige valdsoffer som aldri vert funne att.
Vegen frå songspelet Mahagonny til den fullverdige operaen Mahagonny, (Veksten og fallet til byen Mahagonny), var lang, men stykket vart ferdig og urframført i Leipzig i 1930. Brecht var oppteken av «verfremdung»-metoden sin, som gjekk ut på å bruke ulike teknikkar for å sikre at publikum ikkje reagerer emosjonelt, men intellektuelt reflekterande, på det dei ser på scena. Den mest kjende songen frå operaen er «Alabama Song», som rockegruppa The Doors gjorde populær i 1966.
Andre kjende Brecht/Weill-samarbeid frå denne perioden er Happy End (1929) og Der Jasager (1930).
Eksil
Då nazistane kom til makta i 1933, vart det uleveleg for den venstreorienterte jøden Weill. Han flykta først til Paris, der han skreiv det siste Brecht-verket sitt, korballetten Småborgarane sine sju dødssynder (Die sieben Todsünden der Kleinbürger), før han flytte til Amerika i 1935 og retta merksemda si mot Broadway og filmmusikk. Dei mest kjende verka hans frå tida i Amerika er Knickerbocker Holiday (1938) og Lost in the Stars (1949).
Musikalsk særpreg
Då Weill slo igjennom under Weimarrepublikken, var musikklivet i Tyskland prega av ei bølgje av «ny saklegheit» («Neue Sachlichkeit»), som ein reaksjon på den utilgjengelege ekspresjonismen til den andre wienerskulen og etterfølgjarane deira. Denne «nye saklegheita» la vekt på at musikken skulle vere tilgjengeleg for vanlege folk, og at han skulle vere knytt til sosiale hendingar i samtida. Hanns Eisler sine kampsongar, Ernst Krenek sin opera Johnny spelar opp (Johnny spielt auf) og Paul Hindemith sin «bruksmusikk» («Gebrauchsmusik») er døme på produkt av denne bølgja, som stridde mot både det wagnerske idealet som hadde dominert sidan slutten på 1800-talet og den atonale ekspresjonismen som var populære i tiåra før.
Songane til Weill tek rare og uventa vendingar, ofte i strid med logikken i teksten, særleg i Brecht-songane. Eit godt døme er den mest kjende songen til Weill, «Mackie Kniven», som først verkar svært enkel, men likevel er heilt ulogisk oppbygd, då melodien ikkje vert oppløyst mot slutten.
Kjelder
Burkholder, Grout & Palisca: A History of Western Music, 8th edition. W.W. Norton & Company Inc., New York, London 2010
Tim Ashley: «Weill, Kurt (Julian)», i The Oxford Companion to Music. Ed. Alison Latham. Oxford Music Online: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e7295 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 2.6.12]
David Drew & J. Bradford Robinson: «Weill, Kurt», i Grove Music Online. Oxford Music Online: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/30032 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.6.12]
Stephen Hinton: «Dreigroschenoper, Die», i The New Grove Dictionary of Opera. Ed. Stanley Sadie. Grove Music Online. Oxford Music Online: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/O006155 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.6.12]
Stephen Hinton: «Mahagonny (i)», i The New Grove Dictionary of Opera. Ed. Stanley Sadie. Grove Music Online. Oxford Music Online: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/O003436 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.6.12]
Stephen Hinton: «Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny», i The New Grove Dictionary of Opera. Ed. Stanley Sadie. Grove Music Online. Oxford Music Online: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/O007478 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 01.06.12]
Peikarar

Først publisert: 04.09.2013
Sist oppdatert: 16.12.2013