Faktaboks

Marie Lovise Widnes
Fødd
1. november 1930, Vanylven, Møre og Romsdal
Død
19. november 2021
Marie Lovise Widnes
Visediktaren Marie Lovise Widnes Johansen syng for sønene Asle Geir og Øystein i 1957.
Av /NTB.

Marie Lovise Widnes var ein kulturpersonlegdom, skribent og politikar, og vart nasjonalt kjend for ein song om «gangdøra heime». Ho var ei modig kristensosialistisk røyst gjennom fleire tiår, først i Arbeidarpartiet, etter det i Sosialistisk Venstreparti og seinare som partilaus skribent.

Bakgrunn

Marie Lovise Widnes blei fødd i Syltedalen i Vanylven i Møre og Romsdal og voks opp under enkle kår. Marie Lovise og broren var aktive i Arbeidaranes ungdomsfylking, der dei dreiv eit aktiv kulturarbeid med mellom anna viser og sketsjar. På grunn av dette kulturarbeidet, mellom anna ei framføring for statsminister Einar Gerhardsen, fekk ho gratis utdanning ved arbeidarrørsla sin folkehøgskule på Sørmarka i 1952. Denne utdanninga var den einaste ho tok utanom ordinær grunnskuleutdanning.

På Sørmarka trefte ho jarnarbeidaren Ole Johansen frå Fredrikstad, som ho gifta seg med i 1954 og etter kvart fekk fire gutar med. Både omsorga for eigne born og for foreldra var ein viktig del av livet til Widnes på denne tida. Men samstundes heldt ho fram med kulturarbeidet sitt. Blanda program med kåseri, songar og sketsjar var det vanlege. Ho fekk òg publisert fleire tekstar i blada Ungdomsvon og Nynorsk Vekeblad og song i ein kjend programserie på NRK.

Musikkarriere

I 1957 produserte plateselskapet Philips fleire plater der Widnes song visene sine, mellom anna songen om «gangdøra heime». «Gangdøra» var ei humoristisk og kvardagsleg vise dikta på ein svensk melodi og framført på ein dialektprega nynorsk. Songen vart raskt svært populær. Året etter gav ho ut ei visebok, illustrert av Kjell Aukrust. Widnes skreiv i denne perioden Borna på Solstad, som var utgangspunkt for fleire program for born på NRK, og ho reiste på turne saman med Tarjei Vesaas.

Politisk karriere

Marie Lovise Widnes

Marie Lovise Widnes frå stortingsperioden 1989–1993.

Av /©Stortingsarkivet/Scanpix.

Widnes engasjerte seg tidleg i partipolitikk, først gjennom Arbeidarpartiet. Ho vart kjend som ein uortodoks og lite byråkratisk politikar, som mellom anna kunne framføre innlegg på rim. Men i fleire spørsmål, mellom anna EU-saka, hadde Widnes og leiinga i Arbeidarpartiet ulike syn. Widnes var med på skipinga av Sosialistisk Venstreparti (SV) i 1975 og hadde seinare ei rad verv i partiet. Frå 1975 til 1987 representerte ho SV i Møre og Romsdal fylkesting, og frå 1989 til 1993 representerte ho partiet på Stortinget. I 2010 melde Widnes seg ut av SV og ytra seg fleire gonger kritisk om utviklinga i partiet. Ho skreiv jamleg politiske innlegg dags- og vekepressa.

Utmerkingar

Marie Lovise Widnes fekk i 2006 Kongens fortenestemedalje i gull, og same året vart ho òg tildelt æresmedlemskap i Noregs Mållag. Widnes fekk òg ein rekkje lokale kultur- og medieprisar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Liv Marit Idsø: Marie Lovise Widnes. Tusenkunstnar og kvardagsmenneske. Oslo 1986
  • Frank Rossavik: Fra Kings Bay til kongens bord. Oslo 2011
  • Marie Lovise Widnes: Ein glytt innom gangdøra. Setesdalsforlaget, Valle 2012

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg