Hopp til innhold
X
Innhald

Nordal Wille

(Johan) Nordal (Fischer) Wille, 1858–1924, var botanikar og i 1886–89 professor ved Stockholms universitet. Frå 1893 var han professor ved Universitetet i Kristiania og styrar av Botanisk hage. Wille var kjend som ein dei leiande algeforskarane i verda. Han fekk oppretta Botanisk laboratorium i 1896, lagt om Botanisk hage og sett opp Botanisk museum i 1913. Wille dreiv omfattande folkeopplysningsarbeid og var pioner på naturvernområdet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 13.08.2015