Hopp til innhold
X
Innhald

Selman Abraham Waksman

Selman Abraham Waksman, 1888–1973, var russisk-amerikansk mikrobiolog. Waksman var ein av dei fremste jordbotnsmikrobiologane i verda, og han er mest kjend for å ha isolert ei rekkje nye antibiotika, særleg streptomycin (1943) og neomycin (1948). Desse vart tekne i bruk ved behandling av ei rekkje infeksjonssjukdomar hos menneske, husdyr og planter.
Waksman fekk Nobelprisen i fysiologi eller medisin i 1952.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.11.2013