Faktaboks

Stephen J. Walton
Fødd
16. mai 1958, Leicester, Storbritannia
Stephen J. Walton
Stephen J. Walton
Av /Samlaget.

Stephen J. Walton er språk- og kulturforskar. Han er fødd og oppvaksen i England og har utdanninga si derfrå. Mesteparten av sitt yrkesaktive liv har han vore tilsett ved norske universitet og høgskolar. Han er norsk statsborgar og snakkar norsk som ein innfødd – ei form for standard nynorsktrøndersk/nordmørsk grunn.

Utdanning og karriere

Walton studerte tysk og nordisk ved University College London, der han blei tilsett som norsklektor i 1980, frå 1998 som professor. Som ein av få utanlandslektorar i norsk/nordisk valde Walton å undervise i og på nynorsk.

Alt frå studietida var han mykje i Noreg, og frå 1984 underviste han kvar sommar ved Den internasjonale sommarskolen ved Universitetet i Oslo.

I studieåret 1988/1989 var han førsteamanuensis ved Institutt for fagoversetting ved daverande Agder distriktshøgskole. I 1997 blei han professor II ved Høgskulen i Volda, tre år etter gjekk han over i eit fullt professorat i nynorsk skriftkultur og blei også den første leiaren ved Ivar Aasen-instituttet i Volda. Den profesjonelle tilknytinga hans til Høgskulen i Volda varte til 2017. Mellom 2007 og 2009 var han professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger. Sidan 2015 han vore professor i tverrfaglige kulturstudier ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Walton har doktorgrad frå University of Cambridge frå 1986 på ei avhandling med tittelen «Farewell the Spirit Craven: Ivar Aasen and National Romanticism».

Waltons faglege og litterære arbeid

I tillegg til doktoravhandlinga har Walton skrive fleire bøker om Ivar Aasen, mellom anna biografien Ivar Aasens kropp (1996), som er eitt av standardverka om Ivar Aasens liv og verke. Dessutan har han publisert svært mange bokkapittel og artiklar om Aasen.

Men han skriv slett ikkje berre om Aasen. Nynorsk skriftkultur i vid forstand er eit sentralt tema i Waltons forsking, og han har skrive om foregangsmenn som Aasmund Olavsson Vinje og andre nynorskingar, til dømes Kjartan Fløgstad, men òg om andre norske forfattarar som Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson. Som forskar i historia til nynorsken generelt og Ivar Aasens liv og verke spesielt har Walton vore nyskapande og har bidratt til ei djupare forståing av grunnlaget for nynorsk skriftkultur. Også biografisjangeren har Walton skrive nytenkande og kritisk om i boka Skaff deg eit liv! Om biografi (2008).

Waltons fagproduksjon er stor og mangslungen. Han spenner vidt og er ein svært original forskar. Han har som oftast sitt eige personlege skråblikk på det eller den han skriv om. Om ein er samd eller usamd i konklusjonane hans, speler inga rolle. Om ein følgjer blikket hans, lærer ein likevel alltid noko nytt. Berre gjennom å lese publikasjonslista til Walton skjønner ein at blikket og perspektivet hans er særeige waltonsk, annleis og originalt.

I seinare år har Walton skrive meir og meir om kjønnspolitikk, feminisme og transseksualitet. Han har såleis markert seg som kjønnsforskar – ein relativt sjeldsynt rolle for ein mann. Også det formidlingsansvaret som akademikarar har, men som ikkje alle tar like alvorleg, er viktig for Walton. Han har gjennom mange år skrive fast i avisene Dag og Tid og Klassekampen. Også i dei meir populære arbeida hans kjem originaliteten hans tydeleg til uttrykk, ikkje minst gjennom val av interessante og ofte uventa emne. I desse avisspaltene og i andre trykte tekstar står Walton fram som ein aktiv samfunnsdebattant.

Walton skriv godt, og det er såleis ikkje uventa at han har mottatt ei rekkje prisar. Han fekk Språkprisen i 2009 – ein pris som blir tildelt for god bruk av nynorsk i sakprosa. Prisen fekk han for bøkene Den teksta versjonen. Amerikanisering og modernitetens intellektuelle (2006) og Skaff deg eit liv! Om biografi (2008). For den siste fekk han også Melsom-prisen til fremje av nynorsken.

Walton skriv også skjønnlitterært og gav ut ein roman i 2012, Roadmovie. Manuset. (2012). Også for den fekk han ein pris, nemleg Norlis debutantpris.

Når ein les den lange publikasjonslista til Walton, blir ein slått av at langt dei fleste nummera er på norsk. Det finst rett no fleire spreidde innslag på engelsk gjennom heile forfattarskapen, men norsk dominerer. Også på den måten er Walton ein atypisk norsk forskar, enda om han nok meistrar engelsk betre enn dei fleste kollegane sine.

Målmannen Stephen J. Walton

I Noreg kom Walton tidleg i kontakt med Noregs Mållag og blei ein viktig og synleg person på møte og seminar i målrørsla. Han har halde talrike foredrag i ymse målorgan i tillegg til å ha skrive om målhistorie og målsak. Stephen Walton er unnataket mellom dei som har undervist i norsk som andrespråk (eller tredje- eller fjerdespråk og så bortetter). Frå han tok til med å gi slik undervisning i London, valde han nynorsk. Det er ikkje mange, verken før eller etter han, som har gjort det same, jamvel om det finst nokre få døme. At det har gjort han omtykt og respektert i målrørsla, seier seg mest sjølv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg