Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Wold

Terje Wold, 1899–1972, var jurist og politikar i Arbeidarpartiet. Wold var ordførar i Vadsø i 1928 og 1935–36. Vidare var han justisminister i 1939–45, høgsterettsdommar i 1945–69, høgsterettsjustitiarius i 1958–69 og stortingsrepresentant for Finnmark i 1945–49. Mellom 1959 og 1968 var han medlem av Den europeiske menneskerettsdomstolen.
 
Terje Wold spela ei sentral rolle under krigen ved å skape det juridiske grunnlaget for norsk kontroll av handelsflåten, ved å etablere det lovmessige grunnlaget for norsk administrasjon medan regjeringa Nygaardsvold var i eksil, ved å førebu landssvikoppgjeret etter krigen og ved å vere med i planlegginga av kva som skulle skje etter frigjeringa.
 
Han var den første statsråden som besøkte dei frigjorde områda av Finnmark i november 1944, og han var med i den første regjeringsdelegasjonen som kom til Noreg i midten av mai 1945. I 1951–58 leidde han Forvaltningskomiteen, som la grunnlaget for ombodsmannslova av 1962 og forvaltningslova av 1967. Den første sikra enkeltindividet sterkare vern, og den andre opna for ein meir open offentleg sektor.

Først publisert: 06.02.2015
Sist oppdatert: 06.02.2015