Hopp til innhold
Foto: Vidarforlaget
Foto: Vidarforlaget
X
Innhald

Thomas Chr. Wyller

Thomas Christian Frederik Wyller, professor, statsvitar og samfunnsdebattant. Han var med og bygde opp statsvitskap som akademisk fag i Noreg, tok den første norske doktorgraden i faget og var professor ved Universitetet i Oslo i nærare 25 år.

Thomas Christian Wyller var fødd 16. september 1922 i Stavanger og døydde 24. april 2012 i Oslo. Han var bror til Egil A. Wyller. Han tok examen artium ved Stavanger katedralskole i 1941, var med i motstanden under den tyske okkupasjonen og sat på Grini i tre år, og studerte etter frigjeringa i København, Oslo og Paris.
Statsvitskap vart blitt etablert som fag ved Universitetet i Oslo i 1947, og Wyller tok magistergraden i faget i 1951 på ei avhandling om Thomas Paine. Han disputerte i 1958 til doktorgraden på avhandlinga Nyordning og motstand, ein studie av den rolla norske organisasjonar spela under den tyske okkupasjonen. Det var den første doktorgraden i statsvitskap her i landet.
Wyller var fungerande dosent i statsvitskap ved Universitetet i Oslo 1954–56, dosent frå 1957 og professor 1968–92. Han hadde sine røter i den politisk-historiske delen av statsvitskapen, var oppteken av ideologiars og idears rolle i politiske prosessar og arbeidde særleg med moderne norsk politisk historie.
Wyller var ein aktiv samfunnsdebattant. Han var ein av dei første som tok opp miljø- og ressursspørsmål i Noreg og engasjerte seg i striden om medlemskap i EF/EU, som han gjekk mot. Han hadde eit velformulert, klart og sjargongfritt språk. Eit større utval av debattartiklane frå 1940 til 2007 er samla i boka Ytringer (2007).
Han gav ut mellom anna Frigjøringspolitikk (1963, om regjeringsskiftet sommaren 1945), Vårt politiske system (1970), Christian Michelsen. Politikeren (1975), Motforestillinger 1–4 (1975–78, saman med Kari Bruun Wyller), Skal folket bestemme? Folkeavstemning som politisk prosess (1992) og Demokratiet og miljøkrisen (1999).
Wyller var redaktør av tidsskriftet Ungdom, eit blad som kom ut i 1945–46, starta av ei gruppe tidlegare fangar på Grini med det siktemålet å medverke til eit levedyktig demokrati. Han var formann i Det norske Studentersamfund i 1948 og formann i Norsk statsvitenskapelig forening 1958–61.
I 2000 vart han tildelt Fritt Ords pris for vektige bidrag til norsk samfunnsdebatt gjennom fleire tiår.
Kjelder
Bredo Berntsen: Thomas Christian Wyller. Bibliografi 1951–2011. Oslo 2012
Bernt Hagtvedt: «Statsvitarpioner og offentleg intellektuell». Dag og Tid 4.5.2012
Stein Kuhnle (red.): Det politiske samfunn. Linjer i norsk statsvitenskap. Oslo 1986
Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1941. Oslo 1966
Dag Seierstad: «Minneord om Thomas Chr. Wyller». Standpunkt, nr. 3/2012
Fredrik W. Thue: «Statsvitenskapen 50 år. Et kapittel av norsk samfunnsvitenskaps historie». Norsk statsvitenskapelig tidsskrift, nr.  3/1997
«Uken navn: Thomas Chr. Wyller». Morgenbladet 14.9.2007
Thomas Christian Wyller: «Hvordan jeg ble statsviter». Tidsskrift for samfunnsvitenskap, nr. 29, 1988
Thomas Christian Wyller: I krig og fred. Essays. Oslo 2010
Thomas Christian Wyller: «Noen jubileumsord: om kunnskap, standpunkt og politisk handling». Norsk statsvitenskapelig tidsskrift, nr.  3/1997
Thomas Christian Wyller: Nyordning og motstand. Oslo 1958
Thomas Christian Wyller: Vilje og visjon. Ungdom 1945–46. Oslo 1989
Thomas Christian Wyller: Ytringer. Oslo 2007
Øyvind Østerud: «En pioner er borte». Aftenposten 30.4.2012, Klassekampen 4.5.2012
Bredo Berntsen: «Thomas Christian Wyller». Store norske leksikon / Norsk biografisk leksikon: 
Peikarar

Først publisert: 05.09.2012
Sist oppdatert: 28.09.2012