Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas von Westen

Thomas von Westen, 1682–1727, var prest og misjonær.

Som prest i Romsdalen var han medlem av den pietistiske gruppa Syvstjernen og sterkt engasjert i misjonsarbeidet hos samane. Han gjorde fleire misjonsreiser til Finnmark i 1716, 1718 og 1722, fekk bygd kyrkjer og skular og oppretta Seminarium Scholasticum i Trondheim i 1717 for å utdanne eigna lærarar og prestar for samane. Thomas von Westen vart kalla "sameapostelen".

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2014
Sist oppdatert: 24.04.2014