Hopp til innhold
Tor Mikkel Wara. Foto: Olaf Heggø, Fotovisjon / Regjeringa.
Tor Mikkel Wara. Foto: Olaf Heggø, Fotovisjon / Regjeringa.
X
Innhald

Tor Mikkel Wara

Tor Mikkel Wara, tidlegare justis- og innvandringsminister for Framstegspartiet, gjekk som forgjengaren sin, Sylvi Listhaug, rett frå jobb i rådgivingsselskapet First House til statsrådspost i regjeringa Solberg.

Tor Mikkel Wara (tidlegare skrive Vara) er fødd 27. desember 1964 i Karasjok. Han tok sosialøkonomi mellomfag ved Universitetet i Oslo i 1987, fullførte sjefskurset ved Forsvarets høgskole i 1993 og marknadsføringsleiing ved Handelshøyskolen BI i 1994. I 2017 tok han mastergraden i filosofi ved Universitetet i Oslo.

I 1986–87 var Wara partisekretær og redaktør i partiavisa Fremskritt. Han arbeidde som politisk sekretær i FrPs stortingsgruppe i 1987–89. I 1994–95 var han dagleg leiar i Geelmuyden Kiese Reklame. Han var partner i Geelmuyden Kiese frå 1995 til 1997 og partner i Madland & Wara i 1998–2003. Då det sistnemnde firmaet gjekk konkurs, skipa han Wara Consulting, som han dreiv frå 2003 til 2010. Frå 2010 til han blei utnemnd som statsråd, var Wara seniorrådgivar og partner i rådgivingsselskapet First House. Han er deleigar i selskapet Finnmark Rein.

Wara var justis-, beredskaps- og innvandringsminister i Solberg-regjeringa frå 4.4.2018 til 22.1.2019 og deretter justis- og innvandringsminister fram til han gjekk av 28.3.2019. 

Wara blei tidleg aktiv i Framstegspartiets Ungdom og var formann i både Vadsø og Finnmark FpU i 1982–84, politisk viseformann i FpU frå 1984 til 1987 og formann frå 1987 til 1990. Han var medlem av programkomiteen i FrP i 1988–89, og frå 1991 til 1993 var han nestleiar i Framstegspartiet. Han har òg vore folkevald for partiet. Han var medlem av Oslo bystyre i 1987–89 og stortingsrepresentant og medlem av finanskomiteen i 1989–93.

Tor Mikkel Wara markerte seg som ein liberalistisk politikar som formann i Framstegspartiets Ungdom og var rekna som den fremste ideologen i Framstegspartiet. Til dømes var han for fri innvandring, men ikkje at staten skulle bruke pengar på formålet. Han ville òg likestille samkjønna ekteskap med ekteskapet mellom ulike kjønn. Han var tilhengjar av EØS-avtalen og norsk EU-medlemskap. Dette førte til konflikt med den konservative/nasjonale fløya i Framstegspartiet, der dei fremste talsmennene då var Fridtjof Frank Gundersen, Jan Simonsen og Carl I. Hagen. Andre liberalistiske politikarar gjekk òg ut av partiet tidleg i 1990-åra, etter fleire oppgjer mellom desse to fløyene. Wara hadde ingen politiske verv etter at han gjekk ut av Stortinget i 1993, men etter at Siv Jensen blei partileiar i 2006, er han blitt brukt som rådgivar for partiet.

Kjelder

Sindre Lunde Holbek: «'Det er forskjell å drive en ideologisk sekt og et politisk parti' – En analyse av Fremskrittspartiets liberalistiske ideologi i perioden 1984–1994», masteroppgåve i historie, Universitetet i Oslo 2014, duo.uio.no: https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/42459/Sindre-Holbeks-masteroppgave.pdf?sequence=1&isAllowed=y [lesedato 4.4.2018]

Tor Mikkel Wara, presentasjon på firsthouse.no: https://firsthouse.no/radgivere/tor-mikkel-wara/ [lesedato 4.4.2018]

Tor Mikkel Wara, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TOWA [lesedato 4.4.2018]

Tor Mikkel Wara, presentasjon på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/tor-mikkel-wara-78266a27/ [lesedato 4.4.2018]

«Tor Mikkel Wara blir partner i First House», firsthouse.no: https://firsthouse.no/aktuelt/tor-mikkel-wara-blir-partner-i-first-house/, sist oppdatert 11.10.2010 [lesedato 4.4.2018]

Maria Knoph Vigsnæs og Sverre Holm-Nilsen: «Tor Mikkel Wara går av som justisminister», nrk.no, sist oppdatert 28.3.2019, https://www.nrk.no/norge/tor-mikkel-wara-gar-av-som-justisminister-1.14494705 [lesedato 2.4.2019]

Peikarar

Tor Mikkel Wara: «Undergraver evolusjonen moralsk realisme?», masteroppgåve, Universitetet i Oslo 2017, duo.uio.no

Først publisert: 05.09.2018
Sist oppdatert: 02.04.2019