Wald P. Skaaden

Wald P. Skaaden.
Wald P. Skaaden (1862–1943) frå Innvik, vart ein av dei store industribyggjarane på Vestlandet.
Han var i Amerika frå 1885 til 1889. I 1890 grunnla han Indvikens Uldvarefabrik - sjå Innvik Ullvarefabrikk - i heimbygda. I 1903 installerte han elektrisk kraft driven av dampmotor, og i 1913 fekk verksemda kraft frå eige elvekraftverk.
Wald P. Skaaden er morfar til industribyggjaren Wald Drageseth i Selje.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 10.02.2010