Hopp til innhold
X
Innhald

Wibeke Knagenhjelm

Privat foto.

Privat foto.

Wibeke Knagenhjelm (1918-2003). Fødd i Oslo, busett i Kaupanger. Journalist, forfattar og motstandskvinne under 2. verdskrig. Vart arrestert av tyskarane for illegalt avisarbeid i Oslo i 1942.

Opprullinga av Milorg

Gift med Nils Knagenhjelm i 1944 og vart på nytt arrestert under opprullinga av Milorg-organisasjonen i Sogn og Fjordane på etterjulsvinteren 1945.

Journalist

Har arbeidd som journalist i Aftenposten, og har også laga fjernsyns- og radioprogram for NRK.

Forfattar

Som forfattar har Wibeke Knagenhjelm m.a. skrive historiespela «Slaget ved Fimreite» 1984, «Maktkamp ved Hjørungavåg» 1986 og «Draum over fjell og hav» til utvandrarjubiléet i Vik i 1987. Har skrive boka «Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane» (Samlaget 1990).

Verv og prisar

Medskipar av Sogndal Kunstlag. Wibeke Knagenhjelm gjorde ein stor innsats for å få restaurert Kaupanger stavkyrkje på 1960-talet og vern av det gamle Munthe-huset i Ytre Kroken i Luster kommune - sjå: Kroken - adelssete og kulturelt senter.

Ho er tildelt «Urnesnåla» frå Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og Sogndal kommune sin kulturpris.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011