Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm Bjørknes

Wilhelm Bjørknes (1884-1969) frå Byrknesøy. Landhandlar, emissær og kunstmålar. Tok over landhandelen på Byrknes i 1936.

Bjørknes er særleg kjend for å ha måla ei mengd bilete til altartavler i kyrkjer, kapell og bedehus. Har måla kring 125 måleri i kyrkjer og bedehus over heile landet, kring 25 av desse i Sogn og Fjordane. I Sogn og Fjordane har han m.a. måla tavlene i Byrknesøy 1911, Bulandet 1917, Mjømna 1927, Ljosheim 1930, Vadheim 1954, Askrova 1957 og Værlandet 1959.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008