Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm Kvalheim

Wilhelm Kvalheim (1877-1949) frå Kvalheim, busett i Volda. Lærar, biletkunstnar og lokalhistorikar.

Wilhelm Kvalheim (1877-1949) frå Kvalheim, busett i Volda. Lærar, biletkunstnar og lokalhistorikar.

Han tok lærareksamen i 1897. Kvalheim var lærar i Selje 1897-1900, Bergens kommunale skule for åndsveike 1901-1903, Florø kommunale mellomskule 1903-1906, Selje 1906-1908, Stryn 1908-1913, Volda lærarskule 1913 og overlærar der frå 1924. Han var leiar i Nordfjord krins av Norges Kristelege Ungdomsforbund (NKUF).

Wilhelm Kvalheim var ein dyktig kunstmålar og stilte ut på Statens kunstutstilling i 1930. Gav også ut ei lærebok i teikning, og gjorde mykje av samlararbeidet for bygdeboka for Selje og Vågsøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010