Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm Schreuder

Wilhelm Schreuder (1821-1873) frå Bergen, busett i Skjerjehamn. Målarmeister og handelsmann.

Kjøpte den gamle handels- og gjestgjevarstaden Skjerjehamn i 1861. Skipa i 1870 ei forening som kalla seg «Kommunevenforeningen». Laget arbeidde m.a. for å få slutt på sveltefôring av husdyr, bruk av rusdrykk, og «Skål eller Pengebrullup» (sjå også: Bryllupsaksjonistane i Naustdal). Foreninga hadde underavdelingar i fleire bygder i ytre Sogn.

Schreuder drukna i 1873 saman med dottera Jenny på veg til konfirmasjon i Eivindvik-kyrkja for sonen Otto Schreuder.

Skjerjehamn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjerjehamn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2010