Hopp til innhold
X
Innhald

Wilken Nitter

W. Nitter i 1870. © Fylkesarkivet.

W. Nitter i 1870. © Fylkesarkivet.

Wilken Hjermann Nitter (1812-1899) frå Dale. Handelsmann og jordeigar. Nitter leigde den gamle handelsstaden og skysstasjonen på Tross, der det også var brennevinshandel.

Wilken Nitter bygde den kjende Wilken-bua på Tufteneset i Dale, der han dreiv sildesalting og handel, og eigde jakta «Elida» som han nytta til m.a. sildeføring og til å hente handelsvarer frå Bergen.

Wilken Nitter vart ein velståande mann som kjøpte mange gardar i Fjaler, sat lenge i kommunestyret og var direktør i den lokale sparebanken. På Sjøhaug bygde Nitter eit stort bustadhus i 1868.

I 1864 gav han altartavla, måla av Anders Askevold, til den nybygde Dale kyrkje. Wilken Nitter var ugift, og ein av dei som arva han var brordottera Anna Nitter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013