Hopp til innhold
X
Innhald

Torunn Ystaas

Torunn Ystaas, statsstipendiat, forfattar, dramatikar og kulturarbeidar.

Torunn Ystaas er fødd 26. mai 1943 på Voss og bur på Voss og i Granvin. Ho er utanna lærar frå Notodden lærarskole (1974) og cand.philol. med hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitet i Bergen (1976), med ei hovudfagsoppgåve om mannsrolle og kvinnesyn hos Agnar Mykle.
Ystaas arbeidde som sceneinstruktør og dramatikar ved Den Nationale Scene i Bergen i 1979–83. Ho tok registudiet ved New York University 1984 og arbeidde ved Sogn og Fjordane teater i 1984 og Black Box Teater i 1987, og ho var regissør i ei årrekkje ved Bergen Kammeropera. Sidan 2002 har Ystaas vore statsstipendiat.
Ystaas debuterte med skodespelet Ut med deg skitne madam! Amalie Skram sett gjennom hennes brev på Den Nationale Scene (1979). Ho har skrive fleire drama, musikkverk for kyrkjer og historiske spel, mellom anna Skip i fjellet (1987), Så tok Han eit barn og sette midt mellom dei (1993), Kveikjaren (2000) og Heilagbrotet, eit lagnadsdrama om Ragna Asolfsdotter (2009).
Ho har òg skrive barneboka Når eg kan gå (1981). Romanen Krossring (1993) er ein samtids- og samlivsroman der hovudpersonen misser to menn som står henne nær, faren og elskaren. Sokneprest Karl Evert Parelius Røst er hovudperson i trilogien frå Graven prestegjeld: Fedrane. Ei forteljing frå Hardanger på 1800-talet (1996, 1998 og 2000). I 2003 kom romanen Livstid, som har rot i verkelege hendingar frå andre verdskrigen. Bøkene hennar har ofte historiske motiv.
Ystaas arbeider med miljø og bygningsvern på 1600-talsgarden Ystås i Granvin. Ho fekk Emmausprisen i 2000 og Amalie Skram-prisen i 2006.
Kjelder
Torunn Ystaas, CV frå 2007, hardingpuls.nohttp://www.hardingpuls.no/users/tystaa_online_no/torunn_y_cv_mars_07.pdf [lesedato 27.11.2011]
Torunn Ystaas, CV frå 2011, hardingpuls.no, http://hardingpuls.no/users/tystaa_online_no/CV_torunn_16092011.pdf [lesedato 6.4.2012]
Peikarar

Først publisert: 06.04.2012
Sist oppdatert: 06.04.2012