Hopp til innhold

Vidar Ystad

Vidar Ystad, journalist. Han er maktkritisk og ein av dei som oftast krev innsyn i offentlege dokument.

Ystad er fødd 18. april 1949 på Rjukan. Etter examen artium på naturfaglina ved Sandefjord gymnas i 1969 studerte han samfunnsfag og historie ved Universitetet i Bergen.
Han byrja i pressa som redaktør for universitetsavisa Studvest i Bergen 1972–73, var så journalist i Adresseavisen 1975–77 og i Dagbladet 1977–87. 1987–2011 var han journalist på Oslo-kontoret til Bergens Tidende. Etter at han slutta i Bergens Tidende, har han vore frilansar.
I Bergens Tidende skreiv han nynorsk. Han har i mange år markert seg som ein maktkritisk journalist og er ein av dei journalistane som har vore mest aktive med å krevje innsyn i offentlege dokument og å klage på avslag.
Ystad har hatt styreverv i Mediemållaget, Kringkastingsringen, Nynorsk Pressekontor og i Dag og Tid. Sidan 1994 har han sete i offentlegutvalet i Norsk Presseforbund. I 2005 fekk han Vinje-prisen, utdelt av Riksfondet for nynorsk presse.
Kjelder
Vidar Ystad, e-post 28.9.2011
Olav Kobbeltveit: «Kritisk og illojal – mot makta». Bergens Tidende 16.3.2005
Olav Kobbeltveit: «Kritisk journalist fyller 60». Bergens Tidende, 18.4.2009
Terje I. Olsen: «Vidar Ystad krever innsyn». Journalisten 3.12.2004
Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk. Oslo 1998

Først publisert: 10.01.2012
Sist oppdatert: 13.11.2012