
Peter Wessel Zapffe
Peter Wessel Zapffe, filosof og forfattar, fjellklatrar og naturvernar. Han var ein eksistenstenkjar av stort format.
Peter Wessel Zapffe var fødd 18. desember 1899 i Tromsø og døydde 15. oktober 1990 i Asker. Han tok examen artium i 1918 ved den høgre allmennskulen i Tromsø og vart cand.jur. ved Universitetet i Kristiania i 1924. I åra 1925–27 var han domarfullmektig og konstituert byfut i Tromsø, deretter sakførarfullmektig i 1928–30.
Livet som jurist gav han lite, og han vende tilbake til Oslo for å studere litteraturvitskap. I 1941 disputerte han med doktoravhandlinga Om det tragiske.
Mennesket har utvikla ei evne til å tenkje og reflektere over sin eigen eksistens. Det har eit behov for grunnleggjande meining og rettferd. Det er menneskets stordom. Men det er over-utrusta i høve til livsvilkåra. Grunnleggjande meining eller rettferd finst ikkje. Det er katastrofen. Dette kan ein innsjå eller flykte frå. Zapffe kartlegg også fluktvegane, som han forkastar.
I avhandlinga definerer Zapffe «det objektivt tragiske» som ein hendingsgang der eit individ blir råka av ein katastrofe som følgje av stordom i utfalding av evner eller interesser. Mennesket er ut frå dette eit tragisk vesen.
Zapffe braut i tidleg ungdom med kristendomen. I 1933 skreiv han essayet «Den sidste Messias». Han arbeidde vidare med nærskylde emne i Den fortapte søn (1951) og Lyksalig pinsefest (1972).
Han gav elles ut Vett og uvett (1942), Barske glæder (1969), Indføring i litterær dramaturgi (1961), Den logiske sandkasse (1966) og fleire andre bøker.
Zapffe var fjellklatrar og naturvernar og ein habil fotograf. Han lærte rettskrivinga av 1907 på skulen og heldt fast ved den resten av livet. I nyare norsk språkhistorie står han for nokre av dei mest groteske skildringar av det han såg som trugsmålet frå «samnorsken» og dialektane.
Kjelder
Guttorm Fløistad (red.): Peter Wessel Zapffe. Oslo 1969
Ingemund Gullvåg: «Arne Næss og Oslo-skolen i norsk filosofi», i Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk, bd. 1. Oslo 1995
Jan Brage Gundersen: «Zapffe – empirist og gnostiker mot sin vilje», i Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk, bd. 2. Oslo 1997
Jon Hellesnes: Om modernitet og ekstreme tilstandar. Oslo 1994
Inga Bostad og Dag O. Hessen (red.): Et liv på mange vis. En antologi om Peter Wessel Zapffe. Oslo 1999
Jørgen Haave: Naken under kosmos. Peter Wessel Zapffe – en biografi. Oslo 1999
Viggo Rosvær: «Zapffe eller Læstadius?», i Anniken Greve og Sigmund Nesset (red.): Filosofi i et nordlig landskap. Jakob Meløe 70 år. Tromsø 1997
Peter Wessel Zapffe: Om det tragiske. Oslo 1996
Peter Wessel Zapffe: Essays og epistler. Oslo 1967
Peter Wessel Zapffe: Dikt og drama, ved Guttorm Fløistad og Per Fredrik Christiansen. Oslo 1970
Peter Wessel Zapffe: Kulturelt nødverge. Zapffes etterlatte skrifter. Oslo 1997
Peter Wessel Zapffe: Hvordan jeg blev så flink. Essays. Rikets hemmelighet. Oslo 1999
Peter Wessel Zapffe: Indføring i litterær dramaturgi. Oslo 1999
Peikarar
«Smilende penner: Peter Wessel Zapffe», NRK TV 15.12.1974, nrk.no
«Den humoristiske pessimist», NRK TV 9.12.1990, nrk.no
«En ubebodd klode er ingen ulykke», NRK TV 19.5.1985, nrk.no
Peter Wessel Zapffe: Essays, nb.no
Peter Wessel Zapffe: Om det tragiske, nb.no
Inga Bostad og Dag O. Hessen (red.): Et liv på mange vis. En antologi om Peter Wessel Zapffe, nb.no
Sist oppdatert: 18.12.2020