Hopp til innhold
Måleri av Ulrich Zwingli av den sveitsiske kunstnaren Hans Asper, 1549. Kjelde: Nick Thompson, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.
Måleri av Ulrich Zwingli av den sveitsiske kunstnaren Hans Asper, 1549. Kjelde: Nick Thompson, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.
X
Innhald

Ulrich Zwingli

Ulrich (eller Huldrych) Zwingli, sveitsisk reformator og teolog. Han innførte reformasjonen i Zürich og blir saman med Jean Calvin rekna som grunnleggjar av den reformerte kyrkja, ei av dei tre store kyrkjene som voks fram som eit resultat av reformasjonen på 1500-talet. Zwingli blir rekna som ein av dei tre store reformatorane ved sida av Martin Luther og Calvin.

Zwingli var fødd i Wildhaus i Sveits 1. januar 1484 og døydde ved Kappel am Albis 11. oktober 1531. Han studerte under humanistane i Wien og Basel og tok magistergraden i Basel i 1506. Frå 1506 til 1516 var han sokneprest i Glarus, frå 1516 til 1518 i Eisledeln og frå 1518 ved domkyrkja i Zürich.

Zwingli som reformator

Zwingli blei tidleg kritisk til skolastikken, den teologiske og filosofiske vitskapen i middelalderen som freista å systematisere den kristne truslæra med hjelp av logikken til Aristoteles. I staden fann han at den kristne trua berre kunne byggje på Bibelen. I 1515 var han i kontakt med den kjende humanisten Erasmus av Rotterdam, lærte seg gresk og studerte Det nye testamentet og kyrkjefedrane på grunnspråket. Han stod fram som bibelhumanist og ønskte samstundes reformer i kyrkja. Frå 1518 tok han til å kritisere avlatshandelen, helgendyrkinga, klostervesenet og læra som skjærselden. Etter kvart avviste han også den pavelege autoriteten og det kyrkjelege hierarkiet.

Åtaka på den katolske kyrkja førte til at det oppstod uro i Zürich. I 1523 kalla byrådet inn til ein offentleg disputas, og Zwingli stilte opp 67 setningar som klargjorde det religiøse synet hans. Han kunne berre godta det som kunne provast ut frå Bibelen. Zwingli oppnådde støtte for synspunkta sine frå magistraten og byrådet. Alt i kyrkja som ikkje uttrykkjeleg var tufta på Bibelen, blei vraka. Med støtte frå byrådet avskaffa Zwingli den katolske messa, og helgenbilete og statuar blei fjerna frå kyrkjene. Fasteboda blei tekne bort, sølibatet avskaffa og klostra oppløyste. Dei truande skulle sjølve styre kyrkja. I verket De vera et falsa religione, commentarius (Kommentar om den sanne og falske religionen) frå 1525 samanfatta Zwingli oppgjeret sitt med pavekyrkja.

Zwinglis reformasjon spreidde seg fort til store delar av Sveits, særleg dei tysktalande områda. Men freistnaden på å innføre reformasjonen med makt i dei kantonane som framleis var katolske, var mislukka. Zwingli tok del i kampane som feltprest og blei drepen i slaget ved Kappel am Albis i 1531.

Lære

Teologisk var bibelhumanismen ein viktig inspirasjon for Zwingli, men den viktigaste inspirasjonskjelda for Zwinglis reformatoriske syn var utan tvil Martin Luther. På viktige punkt skilde likevel Zwingli seg frå lutherdomen og den seinare kalvinismen. Vesentleg var her det symbolske sakramentsynet hans. Zwingli meinte at sakramenta ikkje formidla nåden og trua. Det gjorde derimot Guds utveljing og den truande si indre mottaking av Den heilage ande. Han såg nattverd som eit minnemåltid og ein lovnad om å leve eit kristent liv. I 1529 freista Philip 1. av Hessen å sameine Luther og Zwingli i nattverdspørsmålet, men forsøket mislukkast. I motsetnad til Luther meinte Zwingli at innviingsorda i nattverden ikkje skulle takast bokstaveleg, men biletleg. Brød og vin i nattverden var såleis berre symbol på Jesu lekam og blod, ifølgje Zwingli.

Etter kvart gjekk zwinglianismen i eitt med kalvinismen, og særdraga ved Zwinglis lære og teologi gjorde seg i mindre grad gjeldande.

Kjelder

Ulrich Gäbler: Huldrych Zwingli. His Life and Work. Edinburgh 1987

G.R. Potter: Zwingli. Cambridge 1976

W.P. Stephens: Zwingli. An Introduction to His Thought. Oxford 1992

Først publisert: 09.10.2017
Sist oppdatert: 04.01.2018