Hopp til innhold

Bjarmeland

Kontakten med bjarmane, som nordmennene kalla dei som budde ved Kvitsjøen, bukta ved Barentshavet, er nemnd i dei tidlegaste kjeldene vi har. Handelen her skapte grunnlag for vikingtida og var noko av bakgrunnen for slaget på Stiklestad.

Bjarmeland var namnet på eit område som omfatta Kolahalvøya, austbreidda av Kvitsjøen og landet kring munninga av elva Nordre Dvina, ved det som no er byen Arkhangelsk. I kongesogene er Bjarmeland nemnt fleire gonger, særleg då knytt til Dvina, òg i tidleg vikingtid. Det finst derimot ikkje arkeologiske funn frå før år 1000, så forteljingar før dette kan vise til Varangerhalvøya eller område nord på Kola, der det er funne ein skatt frå vikingtida. Ein kjend handelsstad ved Nordre Dvina er Kholmogorj, der det er funne ein stor skatt frå 1100-talet, med norske myntar. Handelsferder til Kvitsjøen har likevel truleg vore gjennomførte før 1000-talet. Allereie i år 890 fortalde den nordnorske hovdingen Ottar om reisene sine til bjarmane (beormas på gamal-engelsk) til den engelske kongen.

Målet for ferdene var særleg kvalrosstenner, ifølgje Ottar. Etterspurnaden etter varer av pels og bein auka sterkt i Europa frå 700-talet og framover. Norden kom då med i det europeiske handelsnettverket, som skapte grunnlaget for vikingtida. Marknaden for kvalrosstenner vart større, sidan sterkare arabisk makt over handelen i Middelhavet hindra innføringa av elfenbein frå Asia og Afrika. Sør og aust for Kvitsjøen var det rikt høve til å få tak i varer frå mår, ekorn, sel og kvalross. Handelsmenn dreiv fangst på vegen og skaffa seg slik olje og tran, selskinn, kvalrossreip og kvalrosstenner og fjør og dun frå fuglar. Honning kan ha vore ei handelsvare, seinare bivoks til kyrkjene.

Til Bjarmeland drog norrøne menn for å handle og plyndre. For Ottar og andre nordnorske hovdingar vart desse ferdene ei viktig kjelde til rikdom, seinare også for rikskongane. Snorre Sturlason hevdar at Eirik Blodøks fór til Bjarmeland som ung mann og «heldt eit stort slag der og vann». Seinare fortel han at Harald Gråfell reiste til Bjarmeland og sikra det norske grepet om handelen, som gav han tilnamnet etter ekornpelsen. Om Harald Gråfells reise kvad Glum Geirason:

Austpå overmann åt drotnar

uredd sverdet sitt svinga,

det bragande, nordafor byen;

bjarmane der såg eg renne

[…]

til åa Dvina; ordet

om unge kongsson gjekk vide.

Bjarkøy-hovdingen Tore Hund rådde over handelen på byrjinga av 1000-talet. Ifølgje Snorre handla han ekornskinn, beverpels og sobel i kjøpstaden i Bjarmeland, før han så røva ein gravplass der. Soga nemner òg bjarmane sin gud, Jomale, avleidd frå finsk. Opplysingane i sogene er likevel usikre, for dei arkeologiske funna frå tidleg tid er få, og det finst ingen funn frå tida før 1000–1200.

Norske ferder til Bjarmeland sikra gode inntekter til Hålogaland og skapte ei mektig stilling for denne regionen i vikingtida. Det vart ei kjelde til konflikt med det framveksande rikskongedømet. At Olav Haraldsson truga Tore Hunds herredøme over handelen var med på å skape grunnlaget for opprøret som enda på Stiklestad i 1030.

Ottar fortel at bjarmane talte eit språk han meinte likna på samisk. Bjarmane kan altså ha vore vepsarar eller permjakkar, som er finsk-urgiske folkeslag. Truleg viser uttrykket likevel til fleire folkeslag som norrøne menn møtte på ferdene hit.

Etter 1220-åra tok dei norske handelsferdene til Kvitsjøen slutt, og namnet Bjarmeland forsvinn frå kjeldene. Pelshandelen gjekk no heller over Novgorod, der hanseatane innretta seg, og Grønland vart marknad for varer frå sel og kvalross. Bjarmane kom under press frå karelarane på 1200-talet og frå Novgorod-riket på 1300-talet.

 

Kjelder

Håvard Dahl Bratrein: Høvding, jarl, konge. Nord-Norges politiske historie i vikingtid, ei annerledes fortelling. Stamsund 2018

Finn Hødnebø, Hallvard Magerøy og Snorre Sturlason: Snorres kongesoger, omsett av Hallvard Magerøy og Steinar Schjøtt. Oslo 1993

Inger Storli: Ottars Verden. En reiseberetning fra 800-tallet. Stamsund 2018

 

Peikarar

Heimskringla: «Soga um Olav den heilage», heimskringla.no

Heimskringla: «Soga um Haakon jarl», heimskringla.no

Norgeshistorie: «Ottars beretning», norgeshistorie.no

Sveriges nasjonalbibliotek: «Carta Marina», foto, flickr.com

Først publisert: 15.10.2020
Sist oppdatert: 15.10.2020