Hopp til innhold
Bjarne Slapsgard
Bjarne Slapsgard
Foto: Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum
X
Innhald

Bjarne Slapgard

Bjarne Slapgard, forfattar og folkehøgskulemann som var sentral i det norske folkehøgskulemiljøet i fleire tiår.

Bjarne Slapgard var fødd i Verdal 11. november 1901 og døydde i Levanger 25. desember 1997. Han tok lærarutdanning, og etter nokre år som lærar ved folkeskular vart han i 1931 tilsett som lærar ved Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal. I 1938 vart han tilsett som styrar ved Hardanger Folkehøgskule i Lofthus i Hardanger. Etter 19 år i denne stillinga flytta han attende til Nord-Trøndelag, der han var styrar på ein barneskule i Frosta til 1966.

Ved sida av lærargjerninga arbeidde Slapgard som forfattar. Han gav ut over 60 bøker, skreiv både for vaksne og born, og var innom dei fleste litterære sjangrar.

Han var aktiv i fleire organisasjonar og sat mellom anna som leiar i Noregs Mållag i 1970. I 1977 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull. Frå 1991 fekk han diktarløn for eldre forfattarar frå Kulturdepartementet.

Læraren

Slapgard var berre to år gamal då far hans døydde. Mora gifte seg på nytt, og det vart eit nært forhold mellom Slapgard og stefaren, som arbeidde som byggmeister. Slapgard gjekk nokre år i snikkarlære, før han utdanna seg som lærar ved Levanger lærarskule. Han arbeidde nokre år som lærar ved folkeskular i Øyestad i Aust-Agder og Skaun i Sør-Trøndelag, før han i 1931 tok til ved Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal. Han var oppteken av kjerneverdiane i folkehøgskulen – norskdom, kristendom og menneskeverd – og han fann seg difor godt til rette i dette skuleslaget. Etter sju år i Surnadal flytta han til Lofthus, der han var styrar ved Hardanger Folkehøgskule i 19 år. Han var ein engasjerande og godt likt pedagog, med gode taleevner, og han var mykje brukt som talar på stemne over heile landet. I 1957 flytta han attende til heimfylket, der han arbeidde som styrar på Nordbygda skole i Frosta til 1966.

Forfattaren

Frå 1966 var Slapgard forfattar på heiltid. Han hadde alltid skrive mykje, også då han hadde den arbeidskrevjande stillinga som folkehøgskulestyrar, men etter at han slutta som lærar, vart det verkeleg fortgang i skrivinga. I dei første tjue åra etter at han slutta, gav han ut over 30 bøker.

Han fekk ein pangstart med debutromanen Liv av leir, som fekk førsteprisen i ein nordisk romankonkurranse. I bøkene sine hentar han ofte handlinga frå historiske hendingar, men med ei meir folkeleg vinkling enn den vi finn i historiebøkene. Han vert gradvis meir og meir moralistisk i bøkene sine, og i bøkene han skreiv mot slutten av livet, vert denne moralismen svært dominerande. Hovudverket frå dei seinare åra er regnbogetrilogien – Under regnbogen (1981), Under bannstrålen (1983) og Under rose med rubin (1985).

Idealisten

Slapgard var heile tida ein overtydd pasifist og fredsforkjempar. Skulle ein slåst for ei sak, var pennen det rette våpenet. Han var ikkje redd for å skrive meininga si, og både før og under andre verdskrigen sa han klart frå kva han meinte om nazismen og framferda til nazistane, noko som førte til at han to gonger vart fengsla av den tyske okkupasjonsmakta.

Han var òg usamd i korleis Olav den heilage vart dyrka på Stiklestad. Han meinte at det religiøse arbeidet til kongen vart nedtona, til fordel for den meir vanlege krigaren. I 1967 vart det utlyst ei tevling om eit nytt olsokspel. Slapgard skreiv eit stykke der han framhevar den kristne kong Olav. Men sjølv om han vann tevlinga, har stykket hans aldri vorte framført.

Slapgard var òg aktiv i fleire motkulturelle rørsler – ungdomslag, fråhaldsarbeid, målarbeid og fredsarbeid. Han var styremedlem i Noregs Mållag i 1965–68 og sat som formann i 1970.

Kjelder

Eirik Helleve: «Bjarne Slapgard», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004

Først publisert: 22.10.2013
Sist oppdatert: 03.08.2015