Sindre debuterte skjønnlitterært med romanserien Odins smykke (2010–2017), der handlinga er lagd til vikingtida. Han har vore tru mot den norrøne skrivestilen, og bøkene er handlingsrike, episodiske og inneheld lite indre monologar. Handlinga har sterk framdrift og spenning, og språkbruken gir historia ei truverdig ramme. Solid historisk kunnskap vert formidla, og forfattaren har lagt vekt på å ta utgangspunkt i faktiske hendingar og personar.
Den første boka i serien, Asgeir Åsason (2010), har tittel etter hovudpersonen, og handlinga er lagd til Sunnfjord på 900-talet. Asgeir har ikkje slekt, og ingen veit kven far hans er, noko som gir han svært låg status i eit samfunn basert på ætt og ære. Konfliktar og maktkamp står sentralt, og gjennom kløkt og dugleik posisjonerer hovudpersonen seg etter kvart som ein av kongen sine nærmaste menn. Gjennom serien skriv forfattaren Asgeir inn i historia, og i dei sju romanane reiser han på handelsferder til fjerne kystar, der han møter både berserkar, seidmenn og kongelege.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.