Hopp til innhold
Bjørn Sortland. Foto: Janne Solgaard, Aschehoug.
Bjørn Sortland. Foto: Janne Solgaard, Aschehoug.
X
Innhald

Bjørn Sortland

Bjørn Sortland, prislønt og produktiv forfattar av barne- og ungdomsbøker som skriv på både nynorsk og bokmål og har gitt ut meir enn 40 bøker sidan byrjinga av 1990-talet.

Bjørn Sortland er fødd i 1968 i Bergen, voks opp på Bømlo i Sunnhordland og er busett i Bergen. Han er utdanna sosionom i Bergen (1987–90) og har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (1990–91). Sidan 1998 har han vore forfattar på heiltid.

Sortland debuterte i 1992 med ungdomsromanen Det er ikkje natta. I 1993 kom gjennombrotet med Raudt, blått og litt gult, ei biletbok om kunstformidling, saman med biletkunstnaren Lars Elling. Denne fekk fleire prisar i inn- og utland.

I bøkene til Sortland er kunst, kjærleik, tru og kriminaldidaktikk sentrale emne, og hovudpersonane i bøkene hans er ofte litt annleis enn andre kring dei: Dei har estetisk sans, er undrande og einsame. Sortland prøver ut ulike sjangrar som lettlesbøker, detektivseriar, biletbøker for vaksne, teikneserieroman, taktilbok og brettspel. Han samarbeider med fleire biletkunstnarar og illustratørar. Mange av bøkene har ei pedagogisk tilnærming.

Bjørn Sortland har motteke ei rekkje litterære prisar, og bøkene hans er utgitt på mange språk, m.a. engelsk, tysk, fransk, spansk, italiensk og kinesisk. Han var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i 2011. I 2017 blei barneboka Zara og dei: Gorillahjerne til middag (2013) animert som kortfilm.

Formidling av kunst

I mange av bøkene til Bjørn Sortland er formidling av kunst eit hovudtema, alt frå biletboka Raudt, blått og litt gult (1993) til Alt det som er (2010), som er ei biletbok for ungdom. Han skriv for mange målgrupper, stilen hans er lett og humoristisk, språket gjennomarbeidd, og han tek problema og universet til barn og unge på alvor. Han samarbeider med illustratørane Lars Elling, Fam Ekman, Hilde Kramer, Kim Hiorthøy og Øyvind Torseter og vekslar mellom å skrive for barn og ungdom.

I biletboka Raudt, blått og litt gult (1993) følgjer vi Oda, som er med onkelen sin på arbeid i eit kunstmuseum. Boka er ei uvanleg bok om kunstopplevingar, og ho vekte oppsikt både i Noreg og i utlandet og fekk fleire prisar. I Forteljinga om jakta på forteljinga (1994) er det broren Henrik som kjem inn i litteraturhistoria, og i 24 i sekundet (1999) blir filmhistoria presentert. I denne trilogien blir kunst presentert på ein didaktisk måte.

Lesaren møter biletkunstnarane Marc Chagall, Giotto di Bondone og Frida Kahlo i Å venta på regnbogen (1998), Den blå, blå himmelen (2000) og Det hjertet husker (2009).

Sortland har gitt ut ei rekkje bøker om kunstdetektivane, som er ein spenningsserie for barn. Første boka i serien var Venezia-mysteriet (2000). Serien kjem ut på bokmål og rettar seg mot unge lesarar. Her blandar Sortland reiseskildringar, kunstopplevingar og spenning. Han skriv didaktisk, blandar sjangrar, men følgjer samtidig malen for kriminalbøker. Som serieforfattar har Sortland også samarbeidd med den finske forfattaren Timo Parvela og illustratør Pasi Pitkänen om fleire bøker i spenningsserien Kepler62

Reiser og kjærleiksmotiv

Kjærleiksmotivet er òg eit sentralt tema i forfattarskapen til Bjørn Sortland. Han debuterte med ungdomsromanen Det er ikkje natta (1992), som skildrar to gutar i puberteten som kjempar om same jenta.

Ofte knyter han reiser til handlinga i bøkene sine. Nokre gonger er reisa vegen mot det å skape seg eit eige liv og eigen identitet målet, ikkje reisa i seg sjølv. Dette gjeld både i Himmelkyss (1994) og Love Light (1996). I Himmelkyss går handlinga føre seg i Egypt, og hovudpersonane Kjetil og Sara er på leit etter seg sjølv, Gud eller far sin. Tittelen Love Light om den same Kjetil, no på reisefot i USA, er tvitydig, og der er mange referansar til film, popsongar og litteratur. Romanen kan bli lesen som ei indre reise.

Kjærleiksromanen For så høgt har eg elska (2004) var den første boka Bjørn Sortland skreiv for vaksne. Ho vann førsteprisen i Gyldendals konkurranse om den beste kjærleiksromanen. Alle har eit sultent hjerte, ein ungdomsroman om forelsking, kjærleik og graviditet, fekk Kritikarprisen (2008).

Religion og Gud som tema

Bjørn Sortland gjer òg interessa for Gud til eit litterært tema. Spørsmåla han stiller, og temaa i nokre av bøkene, gjer at han kan bli sedd på som ein kristen forfattar. I 12 ting som må gjerast før verda går under (2001) er Therese på 13 år hovudperson. Vi følgjer livet hennar i ei dagbokliknande form etter at foreldra har gått frå kvarandre, og korleis ho taklar dette. Ved å lage lista som er tittelen på boka, prøver ho å få kontroll over livet sitt.

Sortland har skrive Kyrkjeboka (2004), ei biletbok med kyrkjelege songar og faktadel på oppdrag frå Den norske kirkes Institutt for kristen oppseding (IKO). Ferdinands orgelbok (2008) og Halleluja (2009) er òg skrivne på oppdrag.

I Ærlighetsminuttet (2005) reiser Frida rundt i Europa for å sjå ulike altertavler før ho blir blind, og her ser ein likskapar med Sofies verden. Her finn ein mange av Sortlands tema, som kjærleik, kristentru, reiser og kunst.

Prislønt

Sortland har fått ei rekkje litterære prisar, m.a. Melsomprisen (1994), Nynorsk barnelitteraturpris (1994 og 2000), Deutscher Jugendliteraturpreis (1996), Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur (1996), Skolebibliotekforeningens pris (1999), Sonja Hagemanns barnebokpris (2004), Sproingprisen (2004), Ordknappen (2006), Kritikarprisen (2008), ARKs barnebokpris (2009) og Aschehougprisen (2011). I 2019 blei 12 ting som må gjerast før verda går under kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Kjelder

Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteturhistorie.  Oslo 2009, s. 389–391


Sofie Arneberg: «Bjørn Sortland», snl.no, sist oppdatert 11.6.2009: http://www.snl.no/Bj%C3%B8rn_Sortland [lesedato 12.2.2011]

Morten Haugen: «Bjørn Sortland. Tro, kunst og ærlighet», barnebokkritikk.no: http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=News&file=article&sid=77 [lesedato 12.2.2011]

Svein Olav B. Langåker: «Her er dei ti beste nynorske ungdomsbøkene i dette årtusenet», framtida.no, publisert 5.11.2019: https://framtida.no/2019/11/05/her-er-dei-ti-beste-nynorske-ungdomsbokene-i-dette-artusenet [lesedato 6.11.2019]

Bjørn Sortland, eigen nettstad, www.bjornsortland.no [lesedato 9.9.2019]

Peikarar

Nynorsk kultursentrum: «Bjørn Sortland festspeldiktar i 2011», aasentunet.no

Vidare lesing

Waage, Lars Rune: «Kjekke barn gjør gode gjerninger Bjørn Sortlands Kunstdetektivene». Barneboklesninger. Norsk samtidslitteratur for barn og unge, Bjorvand, Agnes-Margrethe og Svein Slettan, red., 2004, 97-107

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 29.09.2011
Sist oppdatert: 07.11.2019