Hopp til innhold
Bjørnstjerne Bjørnson, fotografert i perioden 1900–07. Foto: Karl Anderson. Kjelde: nb.no. Falle i det fri.
Bjørnstjerne Bjørnson, fotografert i perioden 1900–07. Foto: Karl Anderson. Kjelde: nb.no. Falle i det fri.
X
Innhald

Bjørnstjerne Bjørnson

Bjørnstjerne Bjørnson, forfattar og folketalar som var den største kulturelle personlegdomen i Noreg i samtida. Han kjempa for Noreg sin rett til fridom og sjølvstende. I 1903 fekk han nobelprisen i litteratur.

Bjørnstjerne Martinius Bjørnson var fødd 8. desember 1832 på Bjørgan prestegard i Kvikne i Østerdalen. Han døydde i Paris 26. april 1910. Fødenamnet var Bjørnstjern, men han la til ein «e» då han vart eldre. Faren var presten Peder Bjørnson, og mora var Inger Elise Bjørnson, fødd Nordraak. Då Bjørnson var fem år gamal, flytta familien til Nesset i Romsdal. Han gjekk mellomskulen i Molde (1844–49). I 1852 tok han examen artium ved Heltbergs studentfabrikk i Kristiania.

Bjørnson_ Bjørnstjerne. 1857. Mesna foto. Kjelde nb.no. Falle i det fri. URN_NBN_no-nb_digifoto_20160128_00140_blds_01574.jpg?w=600

Bjørnstjerne Bjørnson i 1857. Mesna foto. Kjelde: nb.no. Falle i det fri.

Bjørnson var gift med Karoline Reimers. Dei fekk seks barn, mellom dei Bjørn Bjørnson, som seinare vart den første teatersjefen ved Nationaltheatret.

Frå 1852 til 1853 arbeidde Bjørnson som huslærar i Nesset, før han flytta tilbake til Kristiania for å arbeide som teaterkritikar og journalist. Her starta han også diktargjerninga. Han peika på Henrik Wergeland som sitt litterære førebilete, og han vidareutvikla Wergelands demokratiske prosjekt. Litteraturen skulle ifølgje Bjørnson oppdra lesarane, han skulle vere folkeopplysande.

Bjørnson debuterte med einaktaren Mellem slagene i 1856. I 1857 kom bondeforteljinga Synnøve Solbakken, som vart eit av dei litterære høgdepunkta for Bjørnson. Som dramatikar vart han ein del av den realistiske tradisjonen, med drama som En fallit (1875). Bjørnson skreiv også dikt, som har nådd langt ut over hans eiga samtid. Han fekk nobelprisen i litteratur i 1903.

I 1875 kjøpte han garden Aulestad i Gausdal. Aulestad er i dag eit museum.

I 1909 vart Bjørnstjerne Bjørnson ramma av slag, og han døydde 26. april 1910 i Paris. Han ligg gravlagd på Vår frelsers gravlund i Oslo.

Bjørnson_ Bjørnstjerne. 1862. Foto H. Mathaus. M__nchen. Kjelde nb.no. Falle i det fri. URN_NBN_no-nb_digifoto_20191023_00179_blds_01569.jpg?w=600

Bjørnstjerne Bjørnson i München i Tyskland i 1862. Foto: H. Mathaus. Kjelde: nb.no. Falle i det fri.

Nobelprisvinnaren

Då Bjørnstjerne Bjørnson debuterte som forfattar med Thrond (1857), la han grunnlaget for ein ny litterær sjanger. Med bondeforteljingane knytte Bjørnson den romantiske skrivemåten som hadde dominert i Noreg etter 1814, saman med element frå den norrøne sagalitteraturen og folkediktinga. Synnøve Solbakken (1857), Arne (1859) og En glad gut (1860) vart alle mykje lesne i samtida og står for ettertida att som det viktigaste Bjørnson skreiv. Synnøve Solbakken handlar om guten Torbjørn si reise frå den skuggefulle garden Granlien til den solrike garden Solbakken, der den vakre Synnøve bur. Novella «Faderen» frå 1860 finst i dei fleste læreverka for norskfaget i den vidaregåande skulen og er nok ein av dei mest analyserte tekstane i norsk skule.

Saman med bondeforteljingane er nasjonalsongen «Ja, vi elsker» (1859) det mest kjende Bjørnson skreiv. Songen, med melodi av Rikard Nordraak, søskenbarnet til Bjørnson, vart første gong framført offentleg på Eidsvoll 17. mai 1864. Bjørnson har òg skrive fleire dikt som har vorte ein del av det norske medvitet. «Løft dit hoved du raske Gut» (1860), «Valg (Jeg velger meg April)» (1869) og «Ingerid Sletten» (1870) er dikt som høyrer til norsk litterære kanon.

Bjørnstjerne Bjørnson skreiv seg også inn i den realistiske tradisjonen, saman med diktarar som Henrik Ibsen og Alexander Kielland. En fallit (1875) vert rekna som det første realistiske dramaet i Noreg. Stykket handlar om grosserar Tjælde og hans tvilsame forretningsmoral. Med Redaktøren (1875) tek Bjørnson eit oppgjer med hovudstadspressa, som går til personåtak i staden for å skrive om saka. En hanske (1883) tek til orde for likestilling, då både mannen og kvinna bør vise god seksualmoral før ekteskapet.

Andre verk og skodespel som fekk god mottaking i samtida, var romanen På Guds Veje (1889), og dramaa Over Ævne I (1883) og Over Ævne II (1895).

Bjørnson_ Bjørnstjerne og Karoline. Ca. 1896. Ukjend fotograf. Kjelde nb.no. Falle i det fri. URN_NBN_no-nb_digifoto_20160713_00129_bldsa_BB0540.jpg?w=600

Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson, cirka 1896. Ukjend fotograf. Kjelde nb.no. Falle i det fri.

Nasjonsbyggjar og folketalar

Henrik Wergeland og Ole Vig var to viktige inspirasjonskjelder for Bjørnson når det gjaldt ideen om eit demokratisk Noreg og å byggje ein nasjonal identitet. For Bjørnson vart det sentralt å vidareføre deira idear. Gjennom dikting, talar, brev og artiklar ville Bjørnson gi nordmenn eit medvit om at folkeopplysing, skule og politisk verksemd er viktig for at alle skal kunne ta del i nasjonsbygginga.

Sakene han kjempa for i det offentlege ordskiftet, er mange. Bjørnson talte ofte den svake si sak. Han argumenterte mellom anna for rettane til dei homofile, for at kvinner skulle verte meir likestilte med mennene og for allmenn røysterett. I målstriden var han samd med Knud Knudsen og hans moderate fornorskingslinje. Seinare kjempa han for riksmålet sin posisjon som skriftspråk og kulturspråk. Han stifta Riksmålsforbundet i 1907.

Unionsstriden med Sverige og kampen for eit reint norsk flagg var to andre viktige saker for Bjørnson. Han var oppteken av at små land skulle få vere sjølvstendige, og at landa måtte byggje alliansar for å sikre freden i Skandinavia og Europa. Bjørnson var ein sentral talsmann for partiet Venstre og var på mange måtar avgjerande for partiet sin veg til regjeringsmakt i Noreg.

Bjørnson_ Bjørnstjerne. 17.11.1908. Foto Anders Beer Wilse. Risvollen i Oslo. Kjelde nb.no. Falle i det fri. URN_NBN_no-nb_digifoto_20150127_00112_bldsa_BB078.jpg?w=600

Bjørnstjerne Bjørnson, fotografert i Villa Sole (no Risvollen) i Oslo 17. november 1908. Foto: Anders Beer Wilse. Kjelde: nb.no. Falle i det fri.

 

Kjelder

Edvard Hoem: Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832–1875. Oslo 2009

Edvard Hoem: Vennskap i storm. Bjørnstjerne Bjørnson 1875–1889. Oslo 2010

Edvard Hoem: Syng mig hjæm. Bjørnstjerne Bjørnson 1890–1899. Oslo 2011

Edvard Hoem: Det evige forår. Bjørnstjerne Bjørnson 1899–1910. Oslo 2013

 

Bjørnstjerne Bjørnson, biografi, aulestad.no: https://aulestad.no/Bjoernstjerne-Bjoernson/biografi [lesedato 16.2.2020]


Peikarar

Digitaliserte bøker av Bjørnstjerne Bjørnson på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Dokumentarserie om Bjørnstjerne Bjørnson, «Bjørnson – europeeren», nrk.no

Først publisert: 05.11.2020
Sist oppdatert: 13.11.2020