Hopp til innhold
X
Innhald

Bly

Bly, grunnstoff, eit tungmetall som er giftig for både dyr, menneske og miljø.

Bly er eit grunnstoff med kjemisk symbol Pb og atomnummer 82. I periodesystemet er det plassert i gruppe 14 og periode 6. Bly er det tyngste grunnstoffet som er stabilt. Andre tyngre grunnstoff er ikkje stabile, det vil seie at dei lett går i oppløysing. Namnet bly stammar frå det latinske namnet plumbum. Namnet viser til utsjånaden og har bakgrunn i det indoeuropeiske ordet bhlei, som tyder «skine» eller «stråle».

Bly er eit mjukt, tungt og matt metall. Bly som nyleg er blitt snitta med kniv eller liknande, har ein klar blåkvit glans. Når bly kjem i kontakt med oksygen, blir fargen mattare i overflata, sidan det då blir danna blyoksid. Det er lett å skjere i bly. Bly har lite styrke og elastisitet. Ein kan valse det ut til folie eller plater.

Har du nokon gong teke røntgenbilete? Då har du mest sannsynleg fått på deg ei tung kappe av bly. Bly stoppar røntgenstrålane, slik at dei ikkje treffer ande område på kroppen. Blyet gir altså vern mot radioaktiv stråling. Det er difor atomreaktorar er innkapsla i bly. Alt radioaktivt materiale skal fraktast og oppbevarast i behaldarar med vegger av bly.

Bly i naturen kjem som oftast frå vulkanutbrot, og mesteparten blir utvunne ved gruvedrift. Det skjer utslepp av bly frå industri, trafikk og forbrenning av søppel. Bly kan transporterast lange avstandar, sidan det bind seg til partiklar i lufta, det vi kallar svevestøv. Sidan vi no bruker blyfri bensin, har mengda av bly i lufta gått ned. Etter 2006 er det blitt forbode å bruke bly i mesteparten av elektriske og elektroniske produkt.

Blymineral og blysalt er blitt mykje brukt som fargepigment i måling, farging av tekstilar og i kosmetikk. Ulike blysalt kan gi fargar som kvitt, svart, raudt, gult og oransje. Fargane har god dekkevne, men er giftige. I Noreg er produksjon og bruk av blyhaldig måling regulert i forskrifter. Tidlegare er bly blitt brukt til vassrøyr, støypegods, hagl, lodd og taktekkje på større bygningar, til dømes kyrkjer. Sidan bly er giftig for levande organismar og miljøet elles, er tidlegare bruksområde reduserte eller fasa ut. I dag blir bly mellom anna brukt i bilbatteri.

Sidan det heiter blyant, er det mange som trur at blyantar inneheld bly. I blyantar finst det ikkje bly, men grafitt. Moderne blyantar inneheld ei blanding av leire og grafitt, som er plater med krystalliserte karbonsambindingar. Men før i tida brukte ein ei blanding av bly og tinn, og det forklarer ordet blyant.

I mellomalderen tilsette ein bly i vinen for å gjere han søt. Det førte til magesmerter, som er eit typisk teikn på blyforgifting. Bly kan vere svært farleg for kroppen vår. Grunnstoffet kan kome inn i kroppen ved innanding i form av blyhaldig støv, damp eller mat og drikke.

Bly bind seg til dei raude blodcellene og blir transportert vidare til andre organ i kroppen. Som oftast legg blyet seg i beinsubstansen utan skadeverknad. Kjem blyet attende til blodet, kan vi bli blyforgifta. Blyet hemmar ei rekkje enzym og gir forgiftingsskadar i ulike organ. Mest farleg er det om beinmergen og nervesystemet blir forgifta. Symptoma på ei mild blyforgifting er trøyttleik, magesmerter, hovudverk og forstopping. Er blyforgiftinga alvorleg, kan ein oppleve lamming, særleg sterke magesmerter og blodmangel.

Kjelder

Lars Thomas og Anders Bruun: «Bly: Tungt og giftig», Illustrert Vitenskap, illvit.no, publisert: 22.12.2014: https://illvit.no/fysikk/det-periodiske-systemet/det-periodiske-system-bly [lesedato 7.1.2019]

Arnfinn Christensen: «Verdens tyngste grunnstoff bekreftet», forskning.no, publisert 5.1.2016: https://forskning.no/2016/01/verdens-tyngste-grunnstoff-bekreftet [lesedato 7.1.2019]

Per K. Kofstad og Bjørn Pedersen: «Bly», snl.no, sist oppdatert 1.10.2018: https://snl.no/bly [lesedato 7.1.2019]

Grethe Wibetoe: «Bly», mn.uio.no: https://www.mn.uio.no/kjemi/tjenester/kunnskap/periodesystemet/Pb/alt.html [lesedato 7.01.2019]

 

Peikarar

Julie Haugen Egge og Stein Lorentzen: «EU ønsker å forby bruk av all bly-ammunisjon i jakt», nrk.no

Folkehelseinstituttet: «Fakta om bly i miljø og mat», fhi.no

Kari Skeie: «Vil ha omkamp om blyhagl», nrk.no

«Bly», periodesystemet.no

Først publisert: 15.05.2020
Sist oppdatert: 18.05.2020