Hopp til innhold
Bob Dylan på Azkena Rock Festival i Spania i 2010. Foto: Alberto Cabello, Flickr.com CC BY 2.0.
Bob Dylan på Azkena Rock Festival i Spania i 2010. Foto: Alberto Cabello, Flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Bob Dylan

Bob Dylan, amerikansk tekstforfattar, songar og komponist. I 2016 fekk han nobelprisen i litteratur for å ha skapt nye poetiske uttrykk i den store amerikanske songtradisjonen.

Bob Dylan er fødd 24. mai 1941 i byen Duluth, Minnesota. Han vart døypt Robert Allen Zimmermann, men frå 1962 har namnet vore Bob Dylan.

Sidan debutalbumet Bob Dylan i 1962 har Dylan gitt ut musikk i ulike sjangrar og uttrykksformer. Gjennom seks tiår har han i over 40 album, mellom anna Blonde on Blonde (1966), Blood on the Tracks (1975) og Time Out of Mind (1997), stått bak slitesterke låtar som «The Times They Are a-Changin’», «Like a Rolling Stone», «Hurricane», «Knockin’ on Heavens Door» og «Mississippi». Det er gitt ut filmar og bøker om livet og musikken hans. Dylan står også bak prosa- og memoarbøker, og det er laga dokumentarfilmar om Dylan som konsertartist.

Dylan har fått ei rekkje nasjonale og internasjonale utmerkingar for musikken sin. Mellom anna har han vunne Oscar-pris for musikken til filmen Wonder Boys (2001) og ærespulitzerpris for den sentrale rolla han har spela i amerikansk musikk (2008). I 2016 fekk han nobelprisen i litteratur for å ha skapt nye poetiske uttrykk innanfor den store amerikanske songtradisjonen.

Video: Bob Dylan syng «Knockin' on Heavens Door», youtube.com.

Dylan på norsk

Jan Erik Vold har gitt ut gjendiktingar av Dylan i bokform. I 1972 gjendikta han diktsamlinga Tarantula (1972) og over 70 songar i samlinga Damer i regn (1977).

Dylan er gjendikta og gitt ut på plate både på bokmål, nynorsk og på fleire norske talemål, frå Halden i søraust til Tromsø i nord. Nokre av desse platene er gitt ut som heile album. I 1977 kom Virud synger Vold skriver Dylan, med gjendiktingar av Jan Erik Vold og framført av Kåre Virud. 20 år seinare kom Fredløs, gjendiktingar til trøndersk av Håvard Rem, framført av Åge Aleksandersen, og i 2000 kom Dylan gjendikta til nynorsk av Oddvar Torsheim, med Tur-retur Blues. Hamarøyingen Tore Hestbråten omsette heile Time Out of Mind til dialekt for utgivinga Tankelaus tid (2002) saman med Arve-Gunnar Heløy, og Tom Roger Aadland har spela inn to heile album med eigne Dylan-omsetjingar til nynorsk: Blod på spora (2009) og Blondt i blondt (2016).

Anne Grete Preus, Klaus Hagerup, Terje Mosnes, Terje Formoe, Randi Hansen, Bjarte Hjelmeland, Asbjørn Sverre Krogtoft, Håkon Ohlgren og Juul Hansen har gjendikta og spela inn enkeltsongar. Sidan Inger Jacobsen var den første som fekk ein gjendikta Dylan-låt høgt på spelelistene allereie i 1963, har både Inger Lise Rypdal, Morten Harket, Gro Anita Schønn og Ingebjørg Bratland gjort stor suksess som tolkarar av norske omsetjingar av Dylan. Birgitte Grimstad og Åse Kleveland fekk òg mykje åtgaum for sine tolkingar av låtane hans, då dei i 1960- og 70-åra song Dylan på engelsk, saman med eige og anna materiale, under visebølgja.

Litterær rockar

Karrieren til Dylan kan delast inn i relativ klare fasar. Først er han vise- og protestsongar, før han vart hippierockar, deretter køntrisongar, så ein periode kristenrockar, før han vende tilbake til ein viserockperiode.

Dei første albuma til Bob Dylan var sterkt inspirerte av visesjangeren, og han viste tidleg eit politisk engasjement gjennom songane. Viser som «Blowin' in the Wind» (1963), «The Lonesome Death of Hattie Carroll» (1964) og «The Times They Are a-Changin’» (1964) var viktige bidrag i den politiske debatten i Amerika og Europa i samtida.

Bob Dylan saman med Joan Baez under ein borgarrettsmarsj 28. august 1963 i Washington, D.C. Foto: Rowland Scherman / U.S. Information Agency. Press and Publications Service, kjelde: National Archives. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri (id.nr. 542021).

Bob Dylan saman med Joan Baez under ein borgarrettsmarsj 28. august 1963 i Washington, D.C. Foto: Rowland Scherman / U.S. Information Agency. Press and Publications Service, kjelde: National Archives. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri (id.nr. 542021). 

Etter kvart fekk musikken til Dylan eit nytt uttrykk, då han gav ut musikk som var ei blanding av rock og visesong. Albuma Highway 61 Revisited (1965) og Blonde on Blonde (1966), vart svært viktige i ei ny forståing av kva tekstane i rockemusikken kunne vere. I desse åra hadde Dylan eit tett musikalsk samarbeid med gruppa The Hawks, no The Band.

Dylan har gjennom si lange musikalske karriere vandra mellom ulike sjangrar og musikalske uttrykk. Samstundes som musikken har røter tilbake i bluesen, peikar han også mot modernistiske uttrykksformer. Det gjeld spesielt tekstuniverset. Dylan byggjer vidare på dei lange songlyrikktradisjonane, samstundes som han tek inn verkemiddel og impulsar frå moderne lyrikk og prosa. Han er den første som har fått nobelprisen i litteratur primært for å ha skrive songlyrikk, men andre songlyrikarar, til dømes Leonhard Cohen, har vore nominerte tidlegare.

I songtekstane nyttar Dylan litterære verkemiddel, til dømes lyriske bilete, og tekstane har gjerne fleire lag, der teksten både skildrar ei konkret handling og har ei meir overført tyding. Dylan er òg glad i leik med ord, som i songane «Mr. Tamburine Man» (1965) og «Your're a Big Girl Now» (1975). Som mange songlyrikarar før han, nyttar han bibelallusjonar. Fleire songar i den kristne perioden hans peikar mot motiv frå Bibelen. Det gjeld særleg albuma Slow Train Coming (1979) og Saved (1980).

Dylan har sidan 1960-åra stått bak ein stor og allsidig musikalsk produksjon. Han har gitt ut over 600 songar, fordelt på over 40 album. I tillegg kjem samlealbum og konsertalbum. Han har òg vore med på fleire album saman med andre artistar, til dømes The Last Waltz (1978). I 1980-åra var han saman med Tom Petty, Roy Orbison, Jeff Lynne og George Harrison medlem av gruppa The Traveling Wilburys. Dei gav ut to album (1988 og 1990) som nådde høge salstal.

Historia om Bob Dylan har gitt publikum fleire bøker og filmar om livet han har levd, og musikken han har laga. Martin Scorsese regisserte dokumentarfilmen No Direction Home (2005) og i 2007 kom spelefilmen I’m Not There, regissert av Todd Haynes, bygd på livet til Dylan. Sjølv har Dylan skrive memoarboka Chronicles. Volume One (2004).

Kjelder

Pål Ketil Botvar, Robert W. Kvalvaag og Reidar Aasgaard (red.): Bob Dylan. Mannen, myten og musikken. Oslo 2011

Stein Erik Lunde: Bob Dylan. Oslo 2010

Petter Fiskum Myhr: Bob Dylan – jeg er en annen. Trondheim 2001

«Bob Dylan», norske innspelingar av Dylan-songar, rockipedia.no: https://www.rockipedia.no/artister/bob_dylan-81172/ [lesedato 12.3.2018]

Peikarar

Den offisielle nettstaden til Bob Dylan, bobdylan.com 

Først publisert: 16.04.2018
Sist oppdatert: 19.03.2019