Hopp til innhold
X
Innhald

Bolivia

Bolivia, innlandsrepublikk i Sør-Amerika som grensar til Brasil, Paraguay, Argentina, Chile og Peru.Omkring 2/3 av folkesetnaden er indianarar, hovudsakleg quechuaer og aymaráer. Dei andre er mestisar og kvite.

Bolivia (Estado Plurinacional de Bolivia), innlandsrepublikk i Sør-Amerika som grensar til Brasil, Paraguay, Argentina, Chile og Peru. Landet er kalla opp etter Simón Bolívar. Den tettast folkesette delen av landet er Andesfjella. Der strekkjer tre fjellkjeder seg i nord–sør-retning med breie høgsletter imellom. Høgslettene (Altiplano) ligg på om lag 4000 moh. og har eit temperert klima. Hovudstaden La Paz har middeltemperatur på 6 °C i juli og 11 °C i november.
La Paz. Foto: Nathan Nelson, flickr.com CC BY 2.0
La Paz. Foto: Nathan Nelson, flickr.com CC BY 2.0
Den austlege og største delen av Bolivia omfattar lågland med fuktig tropeklima, tropisk regnskog og savanne. Høgslettene har oftast busk- og grasstepper.
Omkring 2/3 av folkesetnaden er indianarar, hovudsakleg quechuaer og aymaráer. Dei andre er mestisar og kvite. Landet høyrer til den romersk-katolske statskyrkja. Berre halvparten av folkesetnaden kan spansk, og 2/3 av folkesetnaden er analfabetar. Halvparten av den yrkesaktive folkesetnaden arbeider i jordbruket, der det blir dyrka poteter, mais og kveite. Sukker, bomull, kaffi og tømmer frå dei austlege delane blir eksportert. Dyrking av kokaplanta, som er grunnlaget for kokainproduksjon, er utbreidd.
Gruvedrifta er også viktig for den bolivianske økonomien. Landet har den nest største produksjonen av tinn i verda, og dette utgjer 75 % av eksportinntektene. Viktig er også antimon og wolfram. Til Argentina blir det eksportert olje og gass frå det austlege låglandet. Med den store delen indianarar i sjølvforsyningsjordbruk høyrer Bolivia likevel til mellom dei fattigaste landa i verda. Industrien er lite utvikla, men smelteverka vart kraftig bygde ut i 1970-åra. Samferdsla er vanskeleg på grunn av dei store høgdeskilnadene.
Foto: Padmanaba01, flickr.com CC BY 2.0
Foto: Padmanaba01, flickr.com CC BY 2.0

Historie
Det voks tidleg opp høgtståande indianarkulturar ved Titicacasjøen (Tiahuanaco). Området var ein sentral del av Inkariket i hundreåra før europearane kom. Spania invaderte Inkariket i 1532 og la det som i dag er Bolivia, under namnet Charcas, først under visekongedømet i Peru og frå 1780 under La Plata. I 1809 byrja opprøret mot spaniarane. Etter fleire tilbakeslag vart Bolivia proklamert som sjølvstendig republikk i Chuquisaca i 1825.
Landet førte krig mot Chile i 1879–84 om kystprovinsen Antofagasta med dei rike salpeterleia, som det til slutt måtte avstå til Chile. Dermed mista Bolivia den einaste kyststrekninga si. I 1932–36 låg Bolivia i krig med Paraguay (Chaco-konflikten), og denne enda med at Paraguay fekk størstedelen av Gran Chaco.
Landet har i heile historia si vore heimsøkt av stadige statskupp og uro. Dei største motsetnadene har vore mellom fattige gruve- og landarbeidarar og rike industri- og godseigarar. I 1952 tok staten over tinngruvene og ein sette i verk jordreformer. Den revolusjonære rørsla vart likevel meir og meir splitta, og fleire militærkupp bremsa denne sosiale utviklinga. Ei geriljarørsle som var leidd av «Che» Guevara vart kortvarig. Ho mislukkast i å mobilisere bøndene, og Guevara vart teken til fange og drepen i 1967.
I 1970-åra førte president Hugo Banzer Suárez ein hard innanrikspolitikk og undertrykte opposisjonen. Deretter følgde fleire kupp, men sivilt styre vart på nytt innført i 1982. Økonomien i landet er i krise, utanlandsgjelda er stor, og dei seinare åra har regjeringa satsa sterkt på privatisering og på å skaffe utanlandsk kapital. President Sanchez de Lozada, som vart vald i 1993, fekk vedteke ei omfattande privatisering av næringslivet i 1994. Ein avtale med Peru i 1993 gjorde hamnebyen Ilo til boliviansk frihamn. Hugo Banzer vart igjen vald til president i 1997. Han trekte seg på grunn av sjukdom i 2001.
Gonzalo Sanchez de Lozada vart vald til president i 2002. Han vart tvinga til å trekkje seg hausten 2003 på grunn av demonstrasjonar som vart utløyste av regjeringa sine planar om sal av naturgass til USA og Mexico. Carlos Mesa tok over som president. I juni 2005 vart også han tvinga til å gå av på grunn av massive demonstrasjonar og opptøyar frå den fattigaste delen av folkesetnaden. Leiaren av desse demonstrasjonane, sosialistleiaren Evo Morales, vann presidentvalet i desember 2005 og vart attvald i 2009.
I 2009 vedtok ein også ei ny grunnlov som gir fleire rettar til folket, og som særleg betrar statusen til urfolka. Landet har også blitt medlem av alliansen ALBA  (Alianza Bolivariana para los pueblos de nuestra América). Morales si tid som president har vore prega av mange endringar og regionale konfliktar. Mellom anna har staten teke større kontroll over økonomien og regionane har fått auka sjølvstyre.



Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.06.2013
Sist oppdatert: 17.06.2013