Hopp til innhold
Brasil sitt flagg.
Brasil sitt flagg.
X
Innhald

Brasil

Brasil, republikk som dekkjer halve kontinentet til Sør-Amerika. Brasil har enorme naturressursar: Landet står for ein åttandedel av skogproduksjonen  i verda, det har ein av dei rikaste jernmalmreservane på jorda. Brasil har vore verdsmeister i fotball fem gongar.

Brasil (República Federativa do Brasil), republikk som dekkjer halve kontinentet til Sør-Amerika. Hovudstaden er Brasília.

Den nordlege delen omfattar eit veldig regnskogsområde med tropisk klima, gjennombora av Amazonas-elva og vassystemet til elva. I nordaust ligg det eit tørt platåland, som blir meir fruktbart nærare kysten. Det sørlege Brasil er eit høgland med savannar, barskog og fleire fjellkjeder; den høgste toppen ligg på 2880 moh.

Video frå NRK Skole: «Den unike regnskogen», sendt 21.11.1999.

Brasil har enorme naturressursar: Landet står for ein åttandedel av skogproduksjonen i verda, det har ein av dei rikaste jernmalmreservane på jorda, og dessutan mangan, sink, bauxitt, kopar, gull og andre mineral. Brasil har elles mykje utbyggbar vasskraft, og kraftverket Itaipú er det nest største i verda. Store funn på 2000-talet av olje- og gassreservar nær kysten har gjort landet sjølvforsynt med olje og gass, og Brasil eksporterer no desse ressursane.

Næringslivet har vore dominert av landbruket, som likevel ofte blir drive urasjonelt som følgje av eigarforholda: Storgodsa omfattar 20 % av alle bruka, men 80 % av all jorda. 

Kaffiproduksjonen er saman med dyrking av soyabønner dei viktigaste produkta for eksport. Ein dyrkar også bomull, kakao, røyrsukker og sitrusfrukter. Industrien har vore i vekst, særleg i São Paulo-området, med mange multinasjonale føretak. Industriprodukt utgjer halvparten av eksportverdien. Den omfattande raseringa av regnskogen er i ferd med å bli eit stort økologisk problem, og tiltak for å stoppe avskoginga har ikkje vore heilt vellukka. 

Brasil har eit av verdas beste fotball-lag og var vertsland for fotball-VM i 2014. Sjølv har Brasil vorte verdsmeister i fotball heile fem gongar: i 1958, 1962, 1970, 1994 og 2002.

Brasil mot Peru i 2009. Brasilspelaren Ronaldo de Assis Moreira  («Ronaldinho») i gul trøye. Foto: Roberto Vinicius, Flickr.com CC BY 2.0.

Brasil mot Peru i 2009. Brasilspelaren Ronaldo de Assis Moreira  («Ronaldinho») i gul trøye. Foto: Roberto Vinicius, Flickr.com CC BY 2.0.

Historie

Sjøfararen Pedro Alvares Cabral tok Brasil i eige på vegne av Portugal om lag i år 1500. Det vart grunnlagt koloniar langs kysten, og ein førte inn afrikanske slavar frå 1547. Sukker- og kaffiplantasjar vart oppretta. Slaveriet vart oppheva i 1888. Landet vart sjølvstendig keisardøme i 1822. Etter eit militærkupp i 1889 drog keisar Pedro II i eksil, og i 1891 fekk Brasil ein republikansk og føderal konstitusjon.

På 1900-talet var utviklinga prega av økonomisk framgang, men også av ei stadig større misnøye blant dei mange millionar fattige i landet. I 1930–45 vart landet leidd av den autoritære presidenten Getúlio Vargas. Han kom tilbake i 1951–54 med eit sosialt reformprogram. Meir eller mindre liberale seinare presidentar (Kubitschek, Quadros, Goulart) forsøkte å gjennomføre reformer, men desse vart motarbeidde av godseigarar og militære, og dei støytte på økonomiske vanskar.

I 1964 tok dei militære makta. Tida som følgde var prega av diktatur og ei omsynslaus forfølging av den politiske opposisjonen. Sivilt styre vart igjen innført i 1985. I den siste halvdelen av 1900-talet gjekk landet gjennom stor økonomisk utvikling med vekt på utbygging av industrien. Frå 1980-åra vart utviklinga bremsa av inflasjon og ei raskt veksande utanlandsgjeld. Økonomiske reformer i 1990-åra forsøkte å rette på dette.

Den folkevalde presidenten Fernando Collor de Mello lova å rydde opp i den omfattande korrupsjonen som florerte, men vart i staden suspendert i 1992 og stilt for retten, skulda for nettopp storstila korrupsjon. Itamar Franco vart konstituert som etterfølgjaren hans. I 1994 vart Fernando Henrique Cardoso vald til president og regjeringssjef. Han vart attvald i 1998. Ein stram pengepolitikk førte inflasjonen ned frå 1000 % i 1994 til 10 % i 1996, men samtidig voks dei sosiale konfliktane.

Sosialt er landet prega av ei svært skeiv inntektsfordeling og sameleis ei skeiv fordeling av den dyrkbare jorda. Ein stor del av folkesetnaden lever i fattigdom. I 1998 førte påsette brannar til store skadar på regnskogen i Roirama i Nord-Brasil. Eit kraftig økonomisk tilbakeslag førte til børskrise og devaluering ved inngangen til 1999. Luiz Inacio Lula da Silva frå det venstreradikale arbeidarpartiet vart vald til president i oktober 2002 og tredde inn i januar 2003. Lula da Silva vart attvald i 2006.

I 2010 vart Dilma Rouseff frå same parti som Lula da Silva vald som president, og ho tredde inn i januar 2011. Rouseff vart avsett i 2016 etter skuldingar om at ho skal ha manipulert nasjonalrekneskapen og nytta midlar utan godkjenning frå nasjonalforsamlinga. Michel Temer frå borgarleg side tok i 2016 over som president etter Rouseff. Ved presidentvalet i 2018 vart Jair Bolsonaro frå det høgrepopulistiske partiet Sosialliberale partiet (PSL) vald som president. Bolsonaro vart innsett i presidentembetet 1. januar 2019. Presidenten i Brasil er også regjeringssjef.

Landet opplevde etter presidentperioden til Cardoso ein lang periode med økonomisk vekst, og Lula da Silva prioriterte i tillegg ein utjamnande sosio-økonomisk politikk. Under desse vart også Brasil ei regional og internasjonal stormakt. Men etter ein kraftig vekst på 2000-talet snudde det gradvis. Rouseff tok over med ein visjon om å vidareføre den positive trenden, men lukkast ikkje. I dag slit Brasil med arbeidsledigheit, fattigdom, auke skilnader mellom fattige og rike, offentlege nedskjeringar og økonomisk krise. Bolsonaro, som har fått kallenamnet «den tropiske Trump», gjekk til val med lovnad om å slå ned på korrupsjon og kriminalitet, men er omstridd, mellom anna på grunn av sin konservative verdipolitikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.06.2013
Sist oppdatert: 04.01.2019