Hopp til innhold

Brita Bjørgum

Brita Josefsdotter Bjørgum var mellom dei første kvinnesakskvinnene som skreiv på nynorsk.

Brita Bjørgum var fødd 11. mars 1858 på Voss i Hordaland og døydde 16. januar 1906. Ho tok den lågare lærarinneprøva i 1879 ved lærarinneskulen i Ølve i Sunnhordland og arbeidde sidan som lærarvikar på Voss.
Bjørgum var aktiv i det frilynde ungdomslaget. Ho kjempa for kvinnesak og kvinneleg røysterett, og ho var mellom pionerane blant dei kvinnelege nynorskskribentane. Produksjonen er liten: dikt, andre korte tekstar og ei lita bok, først trykt som framhaldsforteljing i Den 17de Mai. Boka kom ut 1895 under merket «Brita», med tittelen Kari Lidi.
Kvinneperspektivet i forteljinga om Kari Lidi er tydeleg. Bjørgum tematiserer mellom anna omsorgsarbeid og tek opp eit tabuområde som infertilitet. Men sjølv om ein kan ane kritikk av kjønnsrollene i bygdesamfunnet, er bodskapen langt på veg aksept av tradisjonelle verdiar og prega av eit kristent livssyn. Meir radikal er ho i Fedraheimen i slutten av 1880-åra, der ho, til liks med andre, tok til orde for republikk og talte småkårfolk si sak. Ein viktig faktor for framveksten av kvinnelege nynorskskribentar var elles bladet Unge Skud / Unglyden, der Bjørgum òg skreiv.
Bjørgum var interessert i tradisjonar og kledebunad. Ho leitte fram gamle mønster og kunnskap om gamle kunstsaumteknikkar i kvitsaum og perlesaum.
Kjelder
Jenny Arnesen: «Brita Bjørgum», Ung-Norig nr. 11/1919
Brita (Bjørgum): Kari Lidi. Kristiania 1895
Inger Lise Breivik ofl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
Irene Engelstad ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1989
Idar Stegane: «Nynorsk kvinnelitteratur», i Inger Lise Breivik ofl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
Idar Stegane: «Kvinner i den nynorske litterære institusjonen», i Irene Engelstad ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1989
Eli Bjørhusdal: «Kvinnekamp og bygdefeminisme kring 1905», Noregs Mållag, publsiert 5.6.2005, http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10210,10200,10242,10244  [lesedato 29.4.2011]

Først publisert: 15.11.2011
Sist oppdatert: 26.05.2017