Hopp til innhold
Brita Lien. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Ukjend fotograf.
Brita Lien. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Ukjend fotograf.
X
Innhald

Brita Lien

Brita Lien var aktiv i kristeleg lagsarbeid og skreiv oppbyggjelege dikt og songar til bruk i lag og organisasjonar.

Brita Lien var fødd 14. november 1875 i Bygstad i Sunnfjord og døydde 10. oktober 1965 i Sande, der ho budde på Gaular bygdeheim dei siste åra ho levde.

Etter folkeskulen gjekk Lien den første «fortsettelsesskolen», seinare kalla framhaldsskule, i Bygstad, men fekk ikkje høve til vidare skulegang etter dette. Ho levde eit enkelt og nøkternt liv i Bygstad, der ho livnærte seg med tilfeldige jobbar.

Lien byrja tidleg å dikte, og ho var aktiv i lagsarbeidet i bygda, der ho skreiv i lagsblada og til ulike samlingar og møte. Ho var særleg engasjert i fråhalds- og misjonsarbeid. I 1890-åra var ho var med på å skipe det første misjonslaget i Bygstad, Det Norske Lutherske Kinamissionsforbund (seinare Norsk Luthersk Misjonssamband), og ho reiste rundt på oppdrag frå fråhaldsrørsla og skipa fleire lokallag i Sunnfjord.

I 1920 gav ho ut Femti songar. I forordet skriv ho at samlinga er gitt ut på oppmoding, og at tekstane «… er vortne til just under mitt daglege yrke». Ho håper at songane kan verte til hugnad for dei som kjøper heftet, og at samlinga kan gjere at ungdomen vil syngje meir. Songheftet vart utgitt av Kristian Ulltang (1891–1979), som dreiv trykkjeri i Førde. Ulltang var grunnleggjar av avisa Firda og redaktør der i eit par periodar.

Tekstane i Femti songar er brukslyrikk, tenkt til kollektiv bruk på lagsmøte og stemne, mange av dei skrivne til tonar som er kjende også i dag. Eitt hovudtema er fråhaldssaka, med appellar om å halde seg borte frå rusdrykk og om gleda ved fellesskapen i fråhaldslaget. Mange av songane er klart forkynnande, nokre er skrivne til bruk under dei religiøse høgtidene jul, påske og pinse, men heftet har òg med songar om naturen, fedrelandet og heimbygda.

 

Kjelder

Telefonsamtale med Kirsten Haugsbø 1.2.2019

Telefonsamtale med Solfrid Lien Reite 2.2.2019

 

Kristian Lien: «Brita Lien til minne», Firda 5.11.1965

Oddvar Hjelmeland: «Song- og musikk-trubaduren Brita Lien 1875–1965», Jul i Sunnfjord 1965

 

Peikarar

Forfattarside om Brita Lien på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 08.08.2019
Sist oppdatert: 08.08.2019