Hopp til innhold
X
Innhald

Cally Monrad

Ragnhild Caroline (Cally) Monrad, operasongar, lyrikar, dramatikar og teatersjef for det nazifiserte Det Norske Teatret.

Cally Monrad var fødd 31. juli 1879 i Gran i Oppland og døydde 23. februar 1950. Ho var lyrikar, dramatikar og mellom våre mest kjende operasongarar. Frå 1942 til 1945 var ho sjef for Det Norske Teatret.
Etter tre års studium hos songpedagogen Wilhelm Kloed debuterte Monrad som romansesongar i 1899 og som operasongar ved Nationaltheatret i 1903. Ho hadde deretter mange store operaroller både i Noreg og utlandet og var frå 1909 til 1911 tilsett ved Berlin Hofoper. Ho debuterte som lyrikar i 1913 og gav ut både diktsamlingar, skodespel og ein sjølvbiografisk roman. Syngjespelet hennar, Trollskott, vart oppført på Det Norske Teatret i 1935.
Hausten 1940 melde Cally Monrad seg inn i Nasjonal Samling. Ho vart styrarinne for den nazistiske Statens Teaterskole, og i november 1942 vart ho utnemnd til sjef for Det Norske Teatret, etter at teatersjef Knut Hergel hadde rømt til Sverige. Teatret vart straks sett under boikott, og publikumsoppslutninga var svært låg resten av krigsåra. I landssvikoppgjeret vart Cally Monrad dømd til eitt års fengsel for NS-medlemskapen sin og den aktive støtta til okkupasjonsmakta. Sjefsstillinga ved Det Norske Teatret var ikkje ein del av tiltalen. Ho vart seinare på grunn av høg alder og svekt helse benåda og slapp å sone dommen. Ho døydde i 1950.
Kjelder
Bodil Stenseth: Sangerinnen. Cally Monrads liv og kunst. Oslo 1990

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013