Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Frode Tiller

Carl Frode Tiller er forfattar av romanar og skodespel. Tiller er festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2019.

Carl Frode Tiller er fødd 4. januar 1970 i Namsos. Han er utdanna cand.phil. med historie hovudfag frå NTNU i Trondheim og bur framleis i Trondheim.

Tiller debuterte i 2001 med romanen Skråninga. I 2003 kom romanen Bipersonar, i  2007 Innsirkling, i 2010 Innsirkling 2 og Innsirkling 3 kom i 2014. Forfattaren dramatiserte Skråninga for Det Norske Teatret i 2004, og i 2011 blei Innsirkling sett opp same staden. Tiller har òg skrive teaterstykka Folkehelsa, som gjekk på Trøndelag Teater i 2007, Portrett av ein varulv (2011) og Kven er redd (2015), som gjekk på Det Norske Teatret same året. Saman med blant andre bandet Motorpsycho skreiv han teaterstykket Begynnelser som blei sett opp same staden i 2016. I 2017 gav han ut ein roman med same namnet. 

Tiller har fått ei rekkje prisar og nominasjonar, mellom anna to gongar P2-lyttarane sin romanpris for Skråninga i 2001 og Innsirkling 2 i 2010, og Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2001 for Skråninga. Han fekk Brageprisen og Kritikarprisen for Innsirkling i 2007. Han blei òg nominert til Nordisk Råds litteraturpris for denne romanen og for oppfølgjaren Innsirkling 2. I 2008 fekk han Sultprisen, som er Gyldendals litteraturpris til «et eminent, yngre forfatterskap». I 2009 fekk han European Union Prize for Literature for Innsirkling, og i 2011 fekk han Liv Ullmann-prisen og Nord-Trøndelag fylkeskommunes kulturpris. For Begynnelser er han nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2019. Tiller blei i 2005 kåra som ein av dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet. Tiller er festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2019.

Insisterande prosa

Carl Frode Tiller skriv ein insisterande, sirklande prosa, som gjerne har opphav i tankane til ein av personane. Denne stilen kan minne om forfattarar som Thomas Bernhard og Jon Fosse. I debutromanen Skråninga kjem teksten frå dagboka til ein ung mann som er innlagd på ein psykiatrisk institusjon, og det er ei sterk skildring av oppvekst under vanskelege familieforhold. I Bipersonar og Innsirkling er ordet gitt til fleire personar, som frå kvar sin vinkel kastar lys over ein sentral person og ein handlingsgang. Hovudpersonen, Thomas Isaksen, får knapt nok ordet i Bipersonar; historia om han blir fortald på omgang av sønene, broren og svigerfaren. Sentral er også Arnt, som presenterer seg som «forfattaren kledd som romanfigur». Arnt går i rette med den triste historia om den hardt prøvde mannen Thomas Isaksen, kallar historia for sentimental og set i gang ei gransking av kva for motiv han kan ha for å gi andre eit så elendig liv. Romanen stiller såleis kritiske spørsmål til sin eigen estetiske praksis.

Mannen utan minne

Dei tre romanene Innsirkling, Innsirkling 2 og Innsirkling 3, er ein trilogi. I Innsirkling blir historia om David fortald av stefaren og to ungdomsvener, etter at David sjølv har mist minnet og er innlagd på ein institusjon. I Innsirkling 2 er det tre nye personar som fortel om David. I siste boka møter vi David sjølv. Strukturen i trilogien er dermed mykje lik den ein finn i Bipersonar, men her er ingen forfattar innskriven i teksten.

Det teatrale

Felles for romanane er at personane er hardt ramma, dels av ytre hendingar som ulykker og død, men først og fremst av sjelelege smerter, som gjerne er knytte til vanskane med å nå fram til andre menneske. Det problematiske samspelet i familien eller blant vener styrer personane inn i teatrale positurar. Dei lèt som om, dei pressar fram latter, dei spelar rollene sine som best dei kan. Handlingar og replikkar kan ha eit sterkt preg av tvang over seg, og personane kan verke fanga i handlingsmønster dei ikkje greier å kome ut av. 

Kjelder

Nettstaden til Carl Frode Tiller, http://cftiller.no/ [lesedato 24.07.2009]

Forfattarside om Carl Frode Tiller, Aschehoug forlag, aschehoug.nohttp://www.aschehoug.no/forfattere/alfabetisk/vis?contentItemId=35966463 [lesedato 21.10.2010]

Norheim, Marta "Fascinerande, men ikkje fullkomen", nrk.no http://www.nrk.no/kultur/litteratur/_innsirkling-3_-1.11888654 [lesedato 26.9.2014]

Vidare lesing

Granlund, Merete Røsvik: Carl Frode Tiller : forfattarhefte, 2008

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 24.07.2009
Sist oppdatert: 04.10.2018