Hopp til innhold
Cecilie Enger. Foto: © Linda Næsfeldt / Gyldendal Norsk Forlag (brukt med løyve).
Cecilie Enger. Foto: © Linda Næsfeldt / Gyldendal Norsk Forlag (brukt med løyve).
X
Innhald

Cecilie Enger

Cecilie Enger er romanforfattar og journalist. Ho fekk det litterære gjennombrotet sitt i 2013 med romanen Mors gaver, med Alzheimers sjukdom i nære familierelasjonar som tema.

Cecilie Enger er fødd 21. februar 1963 i Oslo og er busett i Asker. Ho gjekk på Nesbru videregående skole frå 1979 til 1982. Då ho gjekk ut av Journalisthøgskolen i 1988, var ho cand.mag. med faga norsk, historie og journalistikk.

Enger har arbeidd som journalist i Dagens Næringsliv sidan 1994. I laurdagsmagasinet til avisa skriv ho reportasjar om aktuelle samfunnstema.

Debutromanen Nødvendigheten kom i 1994. Sidan har Enger skrive fleire romanar og ei barnebok. I 2000 kom romanen Brødrene Henriksen, eit lågmælt portrett av to brør og venskapen mellom dei frå barndommen og inn i vaksen alder. Fleire av romanane har historiske tema. Himmelstormeren (2007) handlar om ei kvinne i den norske arbeidarrørsla tidleg på 1900-talet. Kammerpiken (2011) er ein roman om ei engelsk ungjente som gjorde lang og tru teneste hos dronning Maud.

Mors gaver (2013) er Enger sitt store litterære gjennombrot. Romanen skil seg frå dei tidlegare bøkene hennar ved at ho her skriv om sitt eige liv og sin eigen familie. Enger skildrar korleis ho og familien opplevde at mora fekk Alzheimer og etter kvart kom på sjukeheim. Utgangspunktet for forteljinga er funnet av mora sine handskrivne lister over julegåver familien hadde gitt og fått opp gjennom åra. Mors gaver har nådd ut til eit stort publikum og er utgitt i Danmark, Nederland, Romania, Tsjekkia, Tyskland og Ungarn.

I 1994 fekk Enger Nota Benes kulturpris for debutboka. Brødrene Henriksen vart nominert til Brageprisen i 2000. I 2007 fekk ho Klassekampens kulturpris «Neshornet» for Himmelstormeren. Året etter fekk ho Amalie Skram-prisen. For Mors gaver vart Enger i 2013 tildelt Bokhandlarprisen og nominert til Kritikarprisen.

Kjelder

Telefonsamtale med Cecilie Enger 4.3.2016

Forfattarprofil hos Gyldendal Norsk Forlag: http://www.gyldendal.no/Forfattere/Enger-Cecilie [lesedato 26.2.2016]

Peikarar

Kaja Korsvold: «Morens Alzheimer ga inspirasjon til ny roman», aftenposten.no

Morten Øverbye: «Drømmer i Enger», budstikka.no

Først publisert: 05.01.2017
Sist oppdatert: 28.09.2018