Hopp til innhold
Cecilie Krog (ukjent år). Foto: Gihbsson. Kjelde: Nasjonalbiblioteket (biletnr. blds_03136), Flickr.com CC BY SA 2.0.
Cecilie Krog (ukjent år). Foto: Gihbsson. Kjelde: Nasjonalbiblioteket (biletnr. blds_03136), Flickr.com CC BY SA 2.0.
X
Innhald

Cecilie Krog

Cecilie Krog var kvinnesakskvinne og ein pioner for kvinner i akademia. Ho var første norske kvinne som fekk studere ved Universitetet, gjennom eit privat lovforslag i Stortinget.

Ida Cecilie Thoresen Krog, 1858–1911, var kvinnesakspioner. Krog tok examen artium som første norske kvinne i 1882, ei ei tid der kvinner ikkje hadde løyve til å studere ved Universitetet. Krog søkte om løyve til å studere, men fekk avslag både hjå Universitetet i Oslo og hjå Kyrkjedepartementet. Hagbard E. Berner i Venstre fremja hausten 1881 eit privat lovforslag i Stortinget på hennar vegner, og framlegget vart vedteke mot ei røyst. I 1882 vart Krog vart immatrikulert, som første kvinnelege student i landet. Først to år seinare vart det opna for kvinnelege studentar ved Universitetet.

Krog var ein pioner, særleg for kvinnelege akademikarar. Ho studerte realfag og var den første kvinnelege medlemmet i Det norske Studentersamfund.

I 1883 var Cecilie Krogh ein av stiftarane av diskusjonsklubben Skuld, forløparen til Norsk Kvinnesaksforening. Då Norsk Kvinnesaksforening vart stifta året etter, var ho vald som styremedlem. Ho vart nestleiar for foreininga i 1903, eit verv ho hadde livet ut. Krog var også ein av ti som stifta Kvinnestemmerettsforeningen i 1885 og var styremedlem der frå 1897 til 1903. i 1896 vart ho vald inn i det føste styret i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Ei lovendring i 1901 gav kvinner ei avgrensa kommunal røysterett, knytt til ektefellens inntekt. Cecilie Krogh stilte til val for Venstre og i 1901 var ho vara for partiet i Christiania bystyre. I 1904 var ho ein av stiftarane bak Norske Kvinners Nasjonalråd, og var vara i det første styret. I 1908 vart ho vald til leiar i Kristiania kvinneråd og delegat til det internasjonale kvinnerådsmøtet i Genéve i Sveits.

I 1905 var det folkerøysting i Noreg om oppløysing av unionen med Sverige. Kvinner hadde ikkje lov å røyste. Cecilie Krog var ei av dei som protesterte mot at kvinner ikkje fekk delta. På dagen for folkerøystinga møtte ein delegasjon kvinner opp i Stortinget, og protesterte mot dette. Cecilie Krog var til stades som representant for Norsk Kvinnesaksforening.

I 1905 vart Krog innvald i tilsynskomiteen for sjuke -og sinnssjukehus, og Kristiania kretsfengsel.

Cecilie Krogh døydde av hjartesjukdom, 52 år gamal. 

Kjelder

Eidsvoll museum: "Cecilie Thoresen: Første kvinne på universitetet" http://www.akersmus.no/eidsvollmuseum/?mid=3581&pid=3974 [lesedato 18.3.2016]

Store Norske Leksikon: Cecilie Thoresen Krog https://snl.no/Cecilie_Thoresen_Krog [lesedato 18.3.2016]

Ragnhild Fjellro: "Ubrukt materiale fra 1800-tallet". Digital artikkel http://kjonnsforskning.no/nb/2012/08/ubrukt-materiale-fra-1800-tallet?tid=81525 [lesedato 18.3.2016]


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2016
Sist oppdatert: 08.03.2018