Challenger (rett etter oppskyting)

Challenger. Romferja Challenger like etter oppskytinga frå Kennedy-romsenteret i Florida 28. januar 1986. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Challenger (etter eksplosjonen)

Etter 73 sekund eksploderte først den utvendige drivstofftanken, deretter heile ferja. Sju menneske mista livet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Challenger var den andre av fem amerikanske romferjer som NASA tok i bruk. Den første ferda starta 4. april 1983 og varte i fem dagar, til Challenger landa 9. april 1983. Challenger eksploderte 28. januar 1986 i den største ulykken i romfartshistoria.

Faktaboks

Uttale
tʃˈælindʒə
Etymologi
engelsk ‘utfordrer’

Romferd

Etter kvart blei Challenger NASA sin arbeidshest nummer éin i romferje-prosjektet. Denne romferja var i sving ved 85 % av alle romferje-tokta – tre tokter kvart av åra 1983, 1984 og 1985. Challenger gjennomførte 995 jordomløp.

Saman med romferja Discovery blei Challenger ombygd ved Kennedy Space Center i USA, slik at desse ferjene kunne utplassere interplanetariske sondar, mellom anna Ulysses-sonden, for å utforske polområda på sola, men den tiande Challenger-ferda blei ein katastrofe.

Challenger-ulukka 

Challenger-ulykka skjedde ved den tiande Challenger-oppskytinga, som var den 25. oppskytinga i USAs romferjeprogram. 73 sekund etter oppskytinga frå Kennedy Space Senter i Florida 28. januar 1986 punkterte og eksploderte romferja og gjekk i oppløysing.

Romferja eksploderte 12,8 km over jordoverflata. På ulykkesferda hadde Challenger ei besetning på sju medlemmer, som alle omkom. Ein av astronautane, lærereren Christa Corrigan McAuliffe, skulle ha vorte det første «sivile» mennesket i rommet. McAuliffe hadde førebudd to undervisningsøkter som skulle direktesendast på fjernsyn. Dette var den andre store ulykka innanfor amerikansk romforsking. Den første var brannen som førte til at tre Apollo-astronautar miste livet på utskytingsrampen 27. januar 1967.

I fleire månader etter ulykka blei det samla opp restar etter Challenger. Det blei funne over 84 000 store og små delar frå den knuste romferja. Alle dei sju døde astronautane blei òg funne i havet, framleis fastspente til seta frå romferja.

Ifølgje den presidentutnemnde granskingskommisjonen var årsaka til gjennombrenningen primært at to gummipakningar (o-ringar) i overgangen mellom dei to nedste hovudseksjonane i høgre faststoffmotor ikkje var elastiske og fleksible nok på grunn av låg temperatur i oppskytningaugneblinken (2–3 °C, noko som var om lag 11 °C lågare enn ved nokon tidlegare oppskytning). I tillegg vart det peika på medverkande årsaker av teknisk og ikkje minst organisasjonsmessig art, mellom anna feil under byggjeprosessen.

Namn

Challenger fekk namn etter den britiske korvetten «Challenger», som var kommandoskip under den verdsomspennande havforskingsekspedisjonen frå 1872 til 1876. Apollo 17, måne-modulen som landa på månen i 1972, bar òg namnet Challenger.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg