Faktaboks

Dagny Juel

Gift Przybyszewska

Fødd
8. juni 1867, Kongsvinger, Innlandet
Død
5. juni 1901, Tbilisi, Georgia
Verke
Forfatter og musiker
Familie

Foreldre: Lege Hans Lemmich Juell (1839–99) og Minda Blehr (1845–1938).

Gift 1893 med forfatter Stanisłav Przybyszewski (7.5.1868–23.11.1927).

Søsterdatter av Otto Blehr (1847–1927).

Dagny Juel

Foto av Dagny Juel frå byrjinga av 1890-åra. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Dagny Juel
Av /NTB Scanpix ※.

Dagny Juel var ein norsk pianist, forfattar og kulturformidlar. Ho var ein frimodig kunstnar som forarga mange ved å skrive om kvinneleg begjær og trøblete kjærleik.

Bakgrunn

Kopi av minnetavle frå Tbilisi
Kopi av minnetavle i marmor om Dagny Juel, som hang eller heng ved det tidlegare hotellet der Dagny Juel vart drept. På tavla står det «Norwegian Dagny Juel Przybyszewska died here on 506 1901».

Dagny Juel var fødd på Kongsvinger i Glåmdalen. Ho tok mellomskuleeksamen i 1881, oppheldt seg i Tyskland i 1882–1884 og var guvernante i Førde i 1888–1889.

I 1901 vart ho skoten i Tbilisi i det dåverande Det russiske imperiet, no Georgia, berre 33 år gammal. Det gjekk rykte om at ho var skoten av ein sjalu elskar, men sanninga ser ut til å vere at gjerningsmannen var ein sinnsforvirra venn.

Forfattarskapen

I 1892 flytta ho til Berlin for å studere musikk. Der kom ho med i krinsen av skandinaviske kunstnarar og byrja sjølv å skrive. Ho vart sentral i bohemkrinsen, og fekk betydning for mellom anna Edvard Munch, August Strindberg og den polske forfattaren Stanisław Przybyszewski, som ho gifta seg med 1893.

Ho debuterte i 1893 med novella «Rediviva». Så følgde skodespela Den sterkere, Ravnegård, Synden og Når sol går ned. Personteikningar og tema er dei same i alle tekstane. I sentrum står erotisk pågåande kvinner som utfordrar rådande kjønnsroller. For det vert dei mobba av både kvinner og menn. Ho var original og uredd, og skildringane hennar av forholdet mellom mann og kvinne og lysta til kvinner og erotiske begjær vakte oppsikt og forarging i samtida.

Juel skreiv 14 dikt og fire prosalyriske tekstar. Tonen i dikta er framandgjering og dyrekjøpt kjærleik. Melankolien er til stades i alt ho skriv. Stilen er ekspresjonistisk. Det er det indre dramaet ho gir stemme til, i ein høgstemt stil.

Kulturformidlaren

Dagny Juel (ca. 1890–1895)

Portrett av Dagny Juel frå rundt 1890–1895.

I tillegg til sitt eige litterære virke var ho ein aktiv formidlar for andre kunstnarar. Ho var med på å starte det litterære tidsskriftet Pan, omsette ei novelle av Sigbjørn Obstfelder til tysk og ein roman av ektemannen Stanislav Przybyszewski til norsk. Ho introduserte Edvard Munch sin kunst i Polen og skreiv om norske kunstnarar i tyske aviser. Ho har òg vorte framstilt som ein av pionerane for kvinnefrigjeringa.

Juel i ettertida

Juel fekk lite anerkjenning medan ho levde, først langt inn på 1900-talet vakna interessa for Juels kunstnariske betydning. Etter at ho var død, vart to av skodespela omsette til polsk og Synden og Ravnegård spela i St. Petersburg. I Noreg trykte Samtiden Den sterkere i 1896 og dei prosalyriske stykka i 1900. Så var det stilt om Juel heilt til 1975. Då kom dikta hennar på trykk, og i 1977 kom den norsk-polske filmen Dagny. I 1996 vart verka hennar gitt ut samla, Dagny Juel. Samlede tekster.

I 1995 vart barndomsheimen hennar på Kongsvinger opna som kvinnemuseum, Kvinnemuseet, i dag ein del av Anno Museum.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dagny Juel: Samlede tekster, ved Kari Sommerseth Jacobsen, Roar Lishaugen og Terje Tønnesen. Kongsvinger 1996
  • Roar Lishaugen: Dagny Juel. Tro, håp og undergang. Oslo 2002
  • Mary Kay Norseng: Dagny Juel. Kvinnen og myten, omsett av Hanne Bramness. Oslo 1992

Faktaboks

Dagny Juel
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053326000264

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg